Landbase for M/S Atløy og Svanhild

Behov: 
M/S Atløy har saman med S/J Svanhild stort behov for ein fast landbase der vi kan ha plass til lager, maskinverkstad, treverkstad og for Svanhild sin del også rigg og segl-loft. Atløys Venner ønskjer at M/S Atløy skal være tilgjengelig for publikum. Vi har òg erfaring for at både fastbuande og ikkje minst alle båtturristane set stor pris på at fartøyet ligg sentralt plassert i bybildet og vi ønskjer å bidra til eit vakrare og meir stemningsfullt hamnemiljø ved å la M/S Atløy halde fram som eit positivt element i Florø hamn.  

Saman med Svanhild ønskjer Atløys venner å få ein landbase ved torget.

Lager på 5 plasser
Atløy har i dag lager på 5 forskjellige stader i kommunen, og verkstad der det måtte høve seg. Bl.a. bruker vi Kværner sine verkstader, men er usikker på om dette vil kunne fortsette. Dette gjer arbeidet tungvint, men ikkje minst går det utover det vi har på lager. Mykje av det lagra har antikvarisk verdi, mykje er det vanskelig å oppdrive i dag. Bl.a. har vi ein delemotor lagra ute under presenning, med det følgjer det har. Våre medlemmer legg ned tusenvis av timer dugnad i året, og vi ønskjer derfor  å ha ein skikkelig plass å arbeide, der vi slepp å gå på nåde frå arbeidsgjevarar og vener.

Torget ny landbase?
Bystyret har utpeikt Torget i Florø og området Haffen/Fylkeskaia som ”Tusenårsstaden” til Flora Kommune, og det er avsett 4,7 mill kroner i kommunen sitt 2001 budsjett til opparbeiding av dette miljøet. Det vil vidare komme ei løyving på 200.000 kroner frå staten i forbindelise med 1000 års-feiringa som skal brukast til å lage tusenårsstaden til eit sosialt samlingspunkt i kommunen. Vi har i samtalar med ordførar Kolbjørn Dyrli fått positiv tilbakemelding på våre idear, og det er antyda at desse pengane kan settast inn i eit fellesprosjekt mellom fleire.

Det er derfor naturlig å vurdere ei løysing på landbase for Svanhild og Atløy nettopp i dette miljøet, og gjerne som eit samarbeid mellom fleire brukarar for å skape aktivitet. Det finnast fleire alternative bygg i området, og det beste ville være ei bu med tilflot for begge båtar. Basen vil på denne måten bli ein aktiv del av miljøet, og skape liv og røre i denne delen av sentrum. På sikt vil slik miljøbygging også være svært interessant  for Strandgata som handlegate, -ein vil kunne være med å utvikle eit miljø som andre senter i regionen (!!) fullstendig manglar.

Langt fram
Vi innser at det i dag er langt fram for ei slik løysing. Prosjektering og innhenting av tilbod på arbeid er ikkje gjort. Vi har sett på alternativ andre stader i Florø, men vi vil likevel arbeide vidare med denne ideen inntil prosjektet evnt. viser seg urealiserbart. Vi har allereie søkt fleire om midlar, og dersom vi skulle være heldig å få løyvd pengar, vil desse verte  sette på fond inntil vi finn ei endeleg løysing


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.