Turforslag: Stavang og Ausevika
STAVANG Gangtid til Stavang ca 1 time Gangtid til Ausevika ca 1 time og 15 min Stavang er eit lite bygdesamfunn ute ved Stongasundet, eit område
med mange fine naturperler. På 1700 talet vart det etablert ein
gjestegjevarstad på ein av gardane i Stavang. Dei som nytta seg av
dette tilbodet var i fyrste rekke fiskarane, men og folk som skulle til
og frå kyrkja – som på den tida låg på Svanøy – overnatte her.
Gjestegjevarstaden var i drift heilt fram til kring 1890. I dag kan ein
tilby både hytte og rorbuferie i Stavang, ei bygd så idyllisk at ein
berre trudde ho eksisterte i fantasien. Er du aktiv kan du leige vannscootar, eller kvifor ikkje ein småbåt til fiske. I Stavang finn du post og butikk, og eit koseleg hamnemiljø. Kontaktar du Anders Haave, kan det meste ordnast dersom du ynskjer å gjere ein stogg for f.eks grilling her.
|
![]() Buer i Stavang
|
HELLERISTNINGANE
I AUSEVIKA I Ausevika ligg eit av dei største
helleristningsfelta i Noreg.
Ausevika ligg under Skålefjellet, Det finnast ikkje gode kaier rett ved feltet, slik at ein må rekne ein liten spasertur før ein kjem til feltet.
|
![]() Helleristninger (vingen)
|
Tilbake til: |