Leig M/S Atløy

Flora skjergarden er fantastisk, med hundrevis av øyer og skjær. Vi kan lage ein tur som passar akkurat deg, anten du skal gifte deg, ha "kick off" for eit nytt  produkt, blåtur for tilsette, fisking med kundar, arrangerer slektsstemne eller rett og slett ønskjer ein minnerik dag på sjøen. Det finnast etterkvart mange serveringsstader ”i øyane” og du finn alt frå det eksklusive til det meir folkelige.

Det er enkelt å leige M/S Atløy. Gjennom samarbeid med Vestkysten Reiseliv marknadsfører vi båten. Har du spørsmål, kontakt med Vestkysten på telefon 5774 7505. Dei kan hjelpe med alle slags spørsmål du måtte ha. For servering, sjekk menyforslaga som ligg ved og bestill hos Vestkysten, eller ta direkte kontakt med Bistro 2 Kokker, telefon 5775 2233 og snakk med Terje. Vi har sjølve skjenkeløyve, og ein kan derfor ikkje nytte medbrakt alkohol. Prisane er låge.

Vi tar 60 passasjerar, så prisen vert ikkje avskrekkande. 

Ta kontakt med Vestkysten på telefon 5774 7505. 

Dette er berre ein del forslag, vi tilpasser turen etter dine behov.  

 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.