Turforslag
Kalvåg - Grotlesanden

Ein fin og kort tur er turen til Kalvåg, med stopp på Knuteholmen hos ”Fosse`n” for middag og leskande drykk. På turen opp kan ein kanskje stogge for å fiske litt, eller berre nyte utsikta mot havet og Kvannhovden fyr. Ein fin sommardag går det også an å gå til Grotlesanden, ei av Noregs garantert finaste sandstrender.  

Kalvåg


Kalvåg

Fiskeveret Kalvåg ligg heilt yst i  havgapet,   med Nordsjøen som nabo i Vest og Stad mot Nord. Øya er omkransa av 700 holmar og skjer, og her kan ein oppleve eit nesten urørd stykkje Noreg. Her er kafé, restaurant, overnatting, og matvarebutikk. Kalvåg har sjøbuer til utleige heile året. Nœringslivet utvikla mellom anna ein tett sjøhusbusetnad på omlag 50 sjøhus rundt hamna. Desse buene har i seinare tid blitt brukt til lager og base for hobby- eller heimefiske. Buene er i dag restaurerte og blir mykje brukt til utleige til turistar og tilreisande. Kvifor reise heilt til Lofoten, når Kalvåg tilbyr det same?

 I Lisetbua var det tidelegare m.a. sildesalteri, bøkkerverkstad, snikkarverkstad, trandamperi og base for fiskeri. I dag er reiskap og utstyr plasserte slik at det ser ut som det er berre er fem minutts pause i arbeidet ein gong tidleg i etterkrigstida. Her kan ein få omvisning på forespørsel. Alb. Vamråk Sildesalteri er restaurert og her kan ein òg få omvisning i konservering av fisk og sild.  

Gangtid til Kalvåg 1 time 15 minutt

Grotlesanden  

2 km fin sandstrand, berre 20 min spasertur frå Igland. Kven skulle tru at ei slik flott sandstrand låg i Norge? Grotlesanden har lenge vore ei flittig brukt strand av lokalbefolkninga, og i den seinare tid har òg dei tilreisande oppdraga denne perla på Bremangerkysten. Her finn ein òg kunstnarar til alle døgnet sine tider som skal feste "det rette øyeblikket" på sitt lerret.  

 

Gangtid til Igland   2 timar  

  
Grotlesanden             
Kvannhovden fyr


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.