Turforslag: 
Svanøy - "Sunnfjords perle"

Gangtid til Svanøybukt            1,0 time

Gangtid til Kvalstad                1,5 time

 

Svanøy er den sørlegaste, og frodigaste øya i Flora kommune. Her finn ein planter og tre ein vanlegvis ikkje finn på vestlandet, som t.d. Kristtorn. Svanøy si historie er mangfaldig og går langt attende i tida. I førre århundre var øya det viktigaste senteret i regionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeida i kopargruvene, haugianarane var storprodusentar av salt, her vart det bygd skip og drive storgard. Her finn ein eit steinkors reist til œre for heilage Olav og ein offerplass frå vikingtida. Namnet Svanøy har øya fått etter biskop Hans Svane som eigde Svanøy Hovudgard 1662–85.

 

Dette er kanskje den mest spesielle øya vi har i skjergarden vår, og eit kjempeutgangspunkt for aktivitet eller mat. Her er det meste velstelt, og som regel finn du ikkje betre vær i Flora enn her. Ofte går vi til Svanøybukt, som er ei oppleving i seg sjølv med småbåtar, gammal butikk og trebåtverft. Etter ei  spasertur på 3 min kjem du til Bua Galleri, etter dette er det berre 3 minutt til Svanøy Hovudgard. Vil du spasere litt ekstra er det ca 1 times gange til idylliske Erikstad Gard. Norsk Hjortesenter er ei oppleving i seg sjølv, og nåast best om vi køyrer båten til Kvalstad. Her kan du spise i den gamle løa, eller nyte naturen og få ei omvising blant hjort og Dåhjort. Det er også naturlig å kombinere tur til Svanøy med ein stogg i Stavang (sjå eige forslag).


Olavskorsen

Svanøy Hovudgard

 Svanøy Hovudgard er eit gamalt fute- og adelssete frå 1685, 250 mål innmark og 122 mål skog. Då garden var på det største omfatta den 339 gardar, 759 leilendingar og nœr halvdelen av den samla skuld i Sunnfjord. Garden er seinare delt i fire store gardar: Erikstad, Solhaug, Kvalstad og Svanøe. Herskapeleg hovudbygning omgjeven av ein gamal hage med staselege tre. Garden i seg sjølv er vakker, og inneheld fleire kulturskattar, som t.d. ein døypefont frå 1200-talet. Hovudgarden ligg i dag under Svanøy Stiftelse, som har fleire aktivitetar knytta til drifta. M.a. kan du leige det staselege  hovudhuset og spise middag basert på lokalt råstoff, som laks, hjort eller anna fisk og vilt. Dette er dyrt, men eit minne for livet. Det kan og lagast enklare, med bespising i det s.k. ”Likkjehuset.” På sjølve garden finn du også Svanøy Røykeri, der det er mogeleg å smake på deira fine produkt.

 


 Savanøy Hovedgård

Bua Galleri 

Denne sjøbua tilhøyrde tidlegare Svanøy Hovudgard, og vart nytta som bustad for dei som arbeidde på Svanøy Båtbyggjeri. Vidare vart ho nytta som lager m.a. for fiskekassar og tauverk. Idag har lokalkunstnaren Bjarne Svanøe atelié og salsutstilling av eigne landskapsbilete i olje og akryl på bua.

 

Erikstad Gard

Soga seier at vikingkongen Eirik Blodøks vaks opp på garden, derav namnet. I dag er Erikstad eit moderne gardsbruk basert på kjøttproduksjon, saue- og hestehald. Folket på garden har gjennom fleire år teke vare på gamle hushaldnings-, fiske- og jordbruksreiskap. Desse er idag samla i den tidlegare hovudbygningen på garden. På garden vert det òg ala opp og trena

 


Bua Galleri
Tilbake til: 

Utleigeforslag   Prisar   Utleigeoversikt