Turforslag:
Vingen – Hornelen - Rugsund

Gangtid til Rugsund      2,5 timer
Gangtid til Vingen         2,0 timer
Gangtid Hornelen         2,0 timar

Ein fin, litt lengre tur er å starte i Florø, gå Frøysjøen til Vingen, og ende opp i Rugsund etter å ha passert den mektige Hornelen. Ein slik tur vil ta 5 – 8 timar, alt etter lengda på stoppa.

Rugsund
Dette er ein freda handelsstad frå 1600-talet. Historiske og restaurerte bygningar ligg tett ved
sjøkanten. Lokal kjøpmann, gjestebrygger og servicebygg med alle fasilitetar. Grillplass,
leikeareal og merka turstiar. Bilfritt og barnevennleg. Ein sommardans her vil du aldri gløyme. Kvifor ikkje få Bistro to Kokker til å arrangere grilling, så avslutte med trekkspilldans på kaia eller i den gamle flotte bua ??


Rugsund

Vingen
Inst i den tronge Vingenpollen, med bratte fjell ikring, ligg Vingen, eit av dei største og mest sœrmerka helleristningsfelt i Nord-Europa. Her finn ein mellom 1000 og 1500 figurar, truleg laga av veidefolk i yngre steinalder (omlag 4000 – 6000 år gamle). Hjorten er det vanlegaste motivet, men ein finn òg menneskefigurar og abstrakte symbol. Informasjon på Svelgen Hotell/Reiselivslaget  


Helleristninger i Vingen

Hornelen  
Den saggnomsuste fjellklippa ligg tvers over fjorden frå Vingenfeltet. I eldre tid vart fjellet omtala som Smalsarhorn. Mange segn er knytt til dette fjellet
som er Nord Europa si høgste sjøklippe. Med sine 850 m over havflata ruvar det godt i landskapet, og har til alle tider vore eit kjent sjømerke i skipsleia. Hornelen egnar seg godt til fjellturar, ta berre med kikkert, for utsikta er ubeskriveleg! Er du heldig kan du skimte heksene som kjem flygande på kosteskafta sine for å treffast på Hornelen. For her har det faktisk vore ein ekte heksefesival!  

Tilbake til: 

Utleigeforslag   Prisar   Utleigeoversikt