Årsmelding Atløys Venner for året 2002
 

2002 har vore nok eit godt år for veteranbåten Atløy.
Første del av året var som vanleg opplagsperiode med vedlikehald av båt og maskineri. Båten er heldig som har ein utruleg fin gjeng med entusiastar som nesten dagleg skrur, mekkar, sliper, skraper og held båten i utruleg fin kondisjon, alderen tatt i betraktning.
Dette fekk gjengen også full uttelling for når gamle ATLØY i 2002 fekk prisen som landets best bevarte veteranbåt på Forbundet Kysten sitt landsstemne.

Av dei store jobbane som vart utført under opplagsperioden kan nemnast som følgjer :     - Opplegg av nye rør for kaldt og varmt vatn til lugarane og salongen i forskipet.
- Nytt opplegg og nye vaskeservantar på lugarane.
- Montering av nye radiatorar på lugarane og i salong.
- I tillegg til periodisk vedlikehald av hovudmotor og hjelpemotorar vart sylinder nr. 3 på hovudmotor overhalt og stempel og foring vart trukke. Ein av boltane i toppen var sleten av og ny bolt vart laga og montert. Startesleiden vart skifta.
- Fornying og forbetring av elektriske installasjon i forskipet og røykjesalong.

I tillegg til dette kjem den årlege dokksettinga med inspeksjon av undervasskrog, uttaking av alle overbordsventilar for inspeksjon og klassing. Deretter skraping og flekking og til sist nytt strøk med botnstoff.

Økonomi
Vi i Atløys Venner har lagt ned mykje arbeid i forretningsdrifta, og det viser resultatet i rekneskapen. Atløys Venner omsette for i underkant av kr. 400.000,- i 2002. Det er sal av effektar, arrangement og kontingent som utgjer størsteparten av omsetninga.
I tillegg segla båten inn kr. 457.510,-som går til A/L Atløy sin konto. All innsegling til A/L Atløy kan også tilskrivast det arbeidet som Atløys Venner gjer for båten.
Vi tykkjer no den økonomiske situasjonen er ganske god, men som vi alle har erfart kjem det stadig overraskingar. Når ein held på med gamle båtar, så kjem dei store rekningane når ein minst ventar det. Difor er det godt å ha nokre ekstra kroner i bakhand.
Ved avslutning av sesongen 2002 hadde vi kr. 416.123,-på konto.
Dette fordelar seg som følgjer :
- Atløys Venner Kr. 267.561,-
- A/L Atløy Kr. 148.562,-

Alt dette er det vennegjengen som jobbar inn.
GODT JOBBA, TUSEN TAKK ALLE SAMAN !

Møter og samlingar
Det har vore avhalde 5 styre/arbeidsmøter i Atløys Venner i 2002 og 31 saker har vore handsama.

Sesongen 2002
Sesongen vart opna med « Fjordaferd » til Nordfjord, ein kultur-tur der Atløys Venner og Kystmuseet i samarbeid hadde laga eit konsept med « fjordabåten » i sentrum. På ferda hadde båten med ei utstilling frå Kystmuseet, og det var handel med fisk, ved, husflid m.m.. Men det beste er at på kvar av desse « fjordaferdene », som vi så langt har hatt 3 av, er det i løpet av 10 dagar omlag 3000 besøkande ombord.
Sesongen heldt fram med blant anna fire veker i Bergen der vi køyrde med turistar. Vi deltok også på blåturar, skuleturar og billett-turar med « gamledampen ».
På heimlege trakter var det bryllaup, konfirmasjonar, åremålsdagar, blåturar og andre innbringande turar.
Vi hadde i 2002 ingen vennetur på 17. mai, noko som har vore ein tradisjon dei siste åra. I staden lasta vi båten full av pensjonistar og spanderte tur til Knutholmen der Atløys Venner også spanderte lunsj på pensjonistane. Eit særs populært arrangement.
Atløys Venner hadde i juli ein tur på to veker til Sørlandet der båten også deltok på Forbundet Kystens landsstemne i Kristiansand. Der fekk Atløy prisen for best bevarte veteranbåt. Vi synest her det er på sin plass å presisere at denne turen var ein spleisetur der alle deltakarane betalte billett, og at A/L Atløy hadde eit lite overskot på turen.

Ellers var båten på Sildajazzen i Haugesund og til Stavanger på Oljemessa.
Dette var ein del av turane i sesongen 2002 og sesongen vart avslutta som den byrja, denne gong med « fjordaferd » til Sogn. Totalt gjekk hovudmotoren 1086 timar i 2002 og dette fortel oss at båten vart veldig mykje brukt til veteranbåt å vere.

Dugnad
Totalt utført dugnad på båten i 2002 utgjer mellom 8000 og 9000 timar.

Etter sesongen 2002
Har de sett kor fint den gamle « dampen » er blitt innpakka ? Kva har skjedd ? Jau, vi har laga og merka eit rammeverk over heile båten. Deretter køyrde vi båten til Isdalstø for å ta mål. Som eit resultat av dette fekk vi formsydd presenningar over heile båten. Dette vil ha ein uvurderleg effekt når det gjeld bevaring av båten. Då styret hadde bestemt at vi hadde råd til denne investeringa og bestillinga var gjort, då takka den gamle radaren for seg. Så no har vi også ny radar. Slik er det å stelle med gamle båtar.

Sesongen 2003
Så langt ser det veldig bra ut med bestilling av båten for sesongen 2003, og vi trur knapt at vi nokon gong har hatt så mange bookingar så tidleg på året. Vi er difor i høg grad optimistar med tanke på neste sesong.
Det nye som kjem i 2003 er eit samarbeid med Den Norske Turistforening (DNT) om sal av veketurar med båten. Produktet ber namnet Frå Hav til Bre.

Men myndigheitene lagar mørke skyer i horisonten. Det er utruleg men sant :
For sesongen 2002 kjøpte vi inn nye anbefalte livbelter for kr. 65.000,- fordi dei vi hadde ikkje var lovlege i bruk etter ein bestemt dato. No får vi beskjed om at dei nye livbelta ikkje er lovlege etter 01.07.03 enda dei vi kjøpte var av ein ny type og anbefalt av myndigheitene.
Siste utspel frå Sjøfartsdirektoratet signaliserer at det vert ei løysing på problemet. Dette fordi det ikkje eksisterar andre typar livbelter på marknaden som tilfredsstillar dei norske særkrava.

Kanskje det største problemet vi står foran i framtida er å skaffe besetning til båten. Dette fordi myndigheitene forlangar at STCW-konvensjonen også skal gjelde for veteranbåtar som Atløy.

Men det vert heilt sikkert ei råd denne gongen også......
GOD SEILAS VIDARE !

Florø 14.02.03
Styret

Utskrivbar årsmelding for 2002 i Word format --->

[2003] [2002] [2001] [1999] [1998] [1997] [1996] [1995]
 
[2003] [2002] [2001] [1999] [1998] [1997] [1996] [1995]


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.