Velkommen til MS Atløy!

atloyM/S Atløy er eigd av foreninga Veteranbåtlaget Atløy, med medlemmer frå heile Sogn og Fjordane. Drift, vedlikehald og restaurering vert gjort av Atløys Venner, som årleg legg ned mellom 10 og 15.000 timar dugnad.

Riksantikvaren har det faglege ansvaret for restaureringa.

Sidan 1995 er det lagt ned meir enn 320.000 doukumentert timar dugnad (pr 2024) med restaurering og drift.  M/S Atløy vart kåra til landets best vedlikehaldne veteranbåt av Forbundet Kysten i 2002.

På desse sidene kan du lese meir om historia, båten, korleis du leiger, turforslag, oppdaterte nyhende, om Atløys Venner o.s.v. Det er mykje stoff, og du finn det under fanene i toppen og nyhende i menyen på høgre side. Du kan også abonnere på RSS feed.