Fjordaferda

Publisert 20. september 2018 under Nyhende

Då er vi klar igjen med ny Fjordaferd….etter eit års opphald. Sjå gjerne dokumentar frå turen på denne lenka til NRK sine sider.

Vi har med oss klippfisk, spekesild, salta brosme og singelfrossen torsk og sei frå Ytrøygrend, Bulandet og Kalvåg. Vi har også med oss potet, gulrot og kålrabi frå Lærdal og epler frå Solvorn. Alt av god kvalitet til fornuftig pris…..slik vi plar. Om du berre vil ombord for å slå av ein prat eller vise barnebarnet rundt er du sjølvsagt også velkommen, det er gratis inngang, emn du kan gjerne kjøpe ein kopp kaffi eller ein pin.

Alt overskot frå Fjordaferda går til drift og vedlikehald av båten, og alt arbeid skjer på dugnad!!

Ruta i år  er i alle fall slik, -om været står oss bi;

 

Fredag 21/9

10.00-13.00 Lærdal

14.30-17.00 Solvorn

 

Laurdag 22/9

10.30-11.00 Sandnes

12.30-13.00 Frønningen

15.00-17.00 Fresvik

 

Søndag 23/9

10.00-11.00 Fimreite

12.00-13.00 Hermansverk

14.00-15.30 Feios

17.00-18.30 Fjærland

 

Måndag 24/9

11.00-14.00 Vik

14.30-16.00 Arnafjorden

17.00-18.00 Finden

 

Tysdag 25/9

10.30-11.00 Ortnevik

11.30-12.00 Måren

12.30-13.30 Nordeide

15.00-16.00 Bjordal

17.30-19.30 Ikjefjord

 

Onsdag 26/9

09.30-11.00 Brekke

12.00-14.00 Leirvik

15.30-16.00 Dingja

16.30-17.30 Solibotn

18.30-20.00 Furuneset

 

Torsdag 27/9

10.15-11.00 Mjømna

12.30-13.30 Ytrøygrend

16.00-19.30 Hardbakke

 

Fredag 28/9

10.00-11.00 Værlandet

12.00-13.00 Herland

14.30-15.30 Grytøyra

16.00-17.30 Askvoll

 

Laurdag 29/9

10.00-11.00 Vevring

12.15-13.00 Stavang

14.00-15.00 Askrova

16.00- Florø, sal av restlager

 

Med været som er for tida kan det skje at vi er sein i ruta. Du kan då prøve desse nummera;  Brua 911 15 501, Leif 412 52 909 eller Helge på 977 42 686.