MS Atløy

M/S Atløy vart bygd i 1931 og er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjorde i to mannsaldrar teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane.

I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte ”Atløy” attende frå private eigarar for å restaurere båten. . Sidan 1997 har Atløys Venner lagt ned over 300.000 timar dugnad og det er brukt om lag 27 millionar på vedlkehald og drift. Målet er å få båten slik den var i 1953

Pr 2022 nærmar vi oss målet!

Ein kortversjon av historia finn du i høgremargen under historie! Er ikkje dette nok kan du jo kjøpe Atløy-boka?

Sjå ein liten film frå maskina hher;

Atløys Wichmann ACDT – Small