Historie

MS Atløy

M/S Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF) sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjorde i fleire tiår teneste i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane. I førstninga av 1980-åra gjekk eldsjeler saman og skipa eit andelslag som kjøpte ”Atløy” attende frå private eigarar og restaurerte båten til fylket sin einaste veteran-rutebåt.

M/S Atløy var båten som kom midt i rekkja i serien på fem motorskip som FSF fekk bygd frå 1925 til 1935. Han vart kontrahert i 1930, same året som ”Maaløy” vart levert, og vart som ”Maaløy” bygd hos BMV i Bergen. ”Atløy” skulle være ferdig 1. mai 1931, men vart ikkje levert før 31 oktober same året på grunn av arbeidskonflikt.

Båten, som var eit kombinert laste og passasjerfartøy av jern, var på 105 b.reg. tonn. Det var ein særs fin båt, med sertifikat for 120 passasjerar, og hadde byggemål 87,1 fot og breidde 17,9 fot. Til liks med ”Maaløy” hadde ”Atløy” ein 2 sylindra Bolinder på 120 hk, ein kraftig semidiesel med karakteristisk eksoslyd. Farten på prøveturen vart målt til 9,7 knop. Båten hadde vidare elektrisk lysanlegg frå ein Penta hjelpemotor på 5 hk, og koksfyrt sentralvarmeanlegg med vassirkulasjon. Første førar var A Jacobsen, som tidlegare hadde vore skipsførar på ”M/S Svanøy”, ein annan båt i serien.

Atløy kom til å bli ein trufast slitar på den vêrharde kysten av Sogn og Fjordane. Den nybygde båten vart først sett i rute mellom Bergen, Vadheim og Høyanger i korrespondanse med Oslo-toget til og frå Bergen. Om somrane i første halvdel av 1930 åra gjekk ”Atløy” i turistruter mellom Bergen, Balestrand og Fjærland og mellom Flåm og Gudvangen. Ei natt kvar veke gjekk båten i lasterute på Sognefjorden. Då hadde båten alltid dyr med, både kyr og geiter. Etter kvar tur måtte mannskapet spyle og skure for å få vekk kumøkk og geitelukt før turistane kom om bord att om morgonen.

Foto Norman, Jostein Sørensens samlimgerFoto Norman, Jostein Sørensens samlimger

Vinteren 1935/36 vart ”Atløy” overført til Sunfjord og byrja å avløyse gamle ”D/S Balder”, som tok til å verte for liten på Dalsfjorden. Då fekk ”Atløy” eit vidt ruteområde: Frå Florø til Askvoll og Dalsfjorden, til Eikefjorden, til Bremanger og Kalvåg, og til Måløy-området og Selje. Sommaren 1937 gjekk ”Atløy” i turistrute i indre Nordfjord frå Sandane til Olden med mellomstader. Sommaren 1938 utførte ”Atløy” rute på heile Nordfjorden frå Måløy til Stryn i samsegling med ”Maaløy”

Krigsåra
Då krigen braut ut i april 1940, gjekk ”Atløy” i rute på Fjærland. Båten gjekk nokre turar etter 9. april og vart så liggande i ro i Fjærland. Dei fleste av mannskapa var frå Florø-området, og dei reiste heim i puljer. Nokre kjøpte seg ein seksæring og rodde heilt frå Fjærland og heim til Florø.

Litt seinare vart ”Atløy” dirigert til Nordfjord av kontoret som FSF hadde oppretta i Førde i aprildagane 1940. Båten hadde lege på Sandane i eit par dagar, då mannskapa fekk greie på at kampane i Sør Noreg var slutt. No fekk dei båten full av norske soldatar som kom frå Voss, somme med våpen. ”Atløy” gjekk utover mot Nordfjordeid, Stårheim og Måløy. I Måløy kom det om bord britiske offiserar som ville ha mannskapet til å gå til England med båten. Men i Måløy låg det også ein armert kvalbåt som tilhøyrde den norske marinen, og det gjekk rykte om at denne skulle til England. Det gjorde kvalbåten også, og britane vart med den.

”Atløy” heldt på å hamne i England også seinare under krigen. Ei tid gjekk båten i den såkalla Åfjordruta mellom Bergen, Gulen, Solund og Hyllestad. Samtidig var englandsfarten frå norskekysten til England  på sitt mest omfattande. Rutebåtane hadde med seg  mange passasjerar som skulle til øyane ytst på kysten for å ta seg over til England derifrå. Mannskapa kunne sjå det på dei som kom om bord om dei skulle over Nordsjøen. Ein gong vart ”Atløy” nesten overtatt av ei gruppe unge menn som kom om bord i Bergen. Dei hadde planar om å bruke båten over Nordsjøen, og hadde på førehand sett ut oljefat i Skifjorden. ”Atløy” vart for sein frå  Bergen, og det gjekk ikkje slik at ”Atløy” kom seg til England denne gongen heller.

Etter krigen gjekk ”Atløy” mykje i rute på Solund og Bulandet. Ei tid var ruta Bergen-Solund-Bulandet-Florø, seinare gjekk båten i rute frå Florø til Askvoll og Bulandet. Elles gjekk båten mellom anna i ruta mellom Bergen og Dalsfjorden, i lokalrute på Norddalsfjorden og i lasterute på Bremanger. I 1950 åra var ”Atløy” mykje rundt om og avløyste andre av FSF sine båtar. Lenge hadde ein postkontor og postekspeditør om bord. Seinare tok styrmannen eller føraren seg av posten

Modernisert
I 1963 vart ”Atløy” opprusta og modernisert. Båten fekk utvida styrehuset ut på bruvengane, han fekk attkledde gangar med plastruter akter, og han fekk ny skorstein. Då vart også den gamle tosylindra Bolinder maskina bytt ut med ein ny firesylindra Wichmann som ytte 240 hestar. Også søsterskipa ”Nesøy” og ”Værøy” fekk nye motorar på same tid, då det ikkje lenger var reservedelar å få tak i til dei gamle maskinene.

Selt og namneskifte
Dei siste åra sine i FSF si teneste gjekk ”Atløy” i mjølkerute mellom Florø og Førdefjorden, med ein tur til Førde i veka. Dei mange krav om meir effektivitet, fart og komfort gjorde etterkvart båten gammaldags, og i 1974 selde FSF han til private eigarar på Sunnmøre. Dei gav han namnet ”LATØY”, og brukte han som feriebåt. Dei same hadde også kjøpt søsterskipet ”Svanøy” nokre år tidlegare, og brukte motordelar frå ”Atløy” til å reparere denne. Seinare gjekk ”Latøy”  ei tid som skyssbåt for arbeidsfolk i samband med plattformbygging ved Åndalsnes, med sertifikat for 180 personar. På resten låg han i opplag på Hareid i 3-4 år.

Redda attende til Sogn og Fjordane
Dåverande disponent ved Solund Mekaniske Verkstad, Jostein Eldøy, kjende godt til « Latøy ». Det var han som kasta fram ideen om at denne siste jernbåten etter FSF burde takast vare på og restaureras. Eldøy fekk god respons på vernetanken, og etter ein fagleg inspeksjon vart båten innkjøpt til Solund kring månadsskiftet november/desember 1981. Båten var då svært nedsliten.

Etter innkjøpet vart båten liggjande ved Solund Mek Verkstad, lange økter stod han under tak i reparasjonshallen. Frå første stund var det klart at ein stod ovanfor eit omfattande og langdrygt arbeid, og oppgåva vart ikkje mindre etter at ein fekk innsyn i « rikets tilstand ». Ein aktiv dugnadsgjeng stod på fram til mars 83, men etterkvart begynte det å minke på motet og kreftene. Verken kjøttsuppe eller det sosiale fellesskapet var tilstrekkeleg motivasjon i det lange løp, og folk byrja å innsjå at oppgåva vart for overveldande.

Til Florø
Frå Florø kom stadige signal om at dei kunne hjelpe til. Her fanst fleire som hadde vore mannskap på Atløy, og dei ivra særleg på. Det som likevel gjorde utslaget var at Ankerløkken Verft, – som då var inne i tronge tider, vart tildelt sysselsetjingsmidlar øyremerkt til nettopp restaurering av Atløy. Fylkeskultursjefen og andre gode krefter var her svært engasjerte. Båten kom til Florø i mars 83, og har hatt heimehamna si her sidan. Etter Rettedalsmidlar vart det nok ein gong løyvd pengar, og arbeidet skaut fart under leiing av dugande eldsjeler. Etter eit ferjesal frigav FSF namnet til båten, og det var ein stor dag då bokstavane på brua vart bytt frå  LATØY til ATLØY. Selskapet gav og tilbake skipsklokka som høyrde til båten.

Arbeidet gjekk bra, og båten framsto etterkvart i svært bra stand. I 3 sesongar var båten utleigd til FSF og gjekk på turistrute på Nærøyfjorden i Sogn. Dette gav ei jamn inntekt, men totalt kasta det  ikkje så mykje av seg som forventa. Mannskap skulle haldast heile sommaren og slitasjen vart stor.

Vintrane gjekk med til vedlikehald, om sommaren var båten borte. Dette gjorde til slutt at aktiviteten dabba av, det vart etter kvart berre nokre få eldsjeler som stod på. Desse gjorde ein kjempejobb, men klarte ikkje halde forfallet unna.

Atløys venner overtek drifta
Atløy var derfor i ein heller dårleg forfatning når Atløys Venner tok over våren 95. Sertifikat mangla, og dei få turane ein gjekk måtte gå på dispensasjon frå Skipskontrollen frå tur til tur. Fleire hadde meldt si interesse og både United World College i Fjaler og Over Stokk og Stein i Bremanger ville gjerne ta over båten og drifta. Viljen var imidlertid til stades, og ein klarte til slutt å halde skuta i Florø gjennom stifiting av ei Venneforeining. Sidan den gong har det vorte arbeidd jamt og trutt og lagt ned omllag 100.000 timar dugnad, og bl.a. Riksantikvaren og Fylkeskommunen har annerkjent arbeidet i form av økonomisk støtte.

Båt og motor er i dag i bra teknisk stand, etter at vi dei siste åra har hatt full gjennomgang. Bl.a. er hovudmaskina totaloverhalt i samarbeid med Wichmann på Rubbestadneset. Generator og hjelpemotor er skifta. Winchmotor (Deutz frå femtitallet) er totalrenovert. Det elektriske anlegget er gått over og nyleg sertifisert. Vi har klart å halde på den gamle tavla, noko vi er svært glade for. Fordekk, styrehustak og båtdekk er nytt, noko som betyr at vi dag har ein tørr båt, uten lekkasjar. Dette er ei god sikring av det arbeidet som er gjort, samtidig som vi veit at framtidig arbeid vil stå i lang tid.

Skroget er god stand,  og alt stål vi har funne dårleg er skifta. Framre salong er nedriven og bygd opp at, aktersalongen vert ferdig til sommarsesongen 2009. Mykje av abeidet med innreiing er gjort av Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund i samarbeid med Riksantikvaren og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Bru, postlugar, billettkontor, skipparlugar og båtsmannslugar er alle nyrenovert, men mykje hardt arbeid ligg foran oss. Heldigvis har vi eit godt dugnadsmiljø med stort pågangsmot. Sjølv i tider med mykje arbeid som dei siste 12-14 åra har vore har vi hatt båten i drift gjennom kvar sesong heile denne arbeidsperioden.

Vil du vite meir foreslår vi at du kjøper Atløyboka, som er full av bilder og dokumentasjon. Under Atløys Venner fana vil du og finne mykj stoff for tida frå 1995 og fram til i dag via årmeldingane