Landbase

 

M/S Atløy har saman med S/J Svanhild stort behov for ein fast landbase der vi kan ha plass til lager, maskinverkstad, treverkstad og for Svanhild sin del også rigg og segl-loft. Atløys Venner ønskjer at M/S Atløy skal være tilgjengelig for publikum. Vi har òg erfaring for at både fastbuande og ikkje minst alle båtturristane set stor pris på at fartøyet ligg sentralt plassert i bybildet. Vi ønskjer også å bidra til eit vakrare og meir stemningsfullt hamnemiljø ved å la M/S Atløy halde fram som eit positivt element i Florø hamn.   

Skisse til landbase

                       Saman med Svanhild ønskjer Atløys venner å få ein landbase ved torget.

Lager på 5 plasser

Atløy har i dag lager på 5 forskjellige stader i kommunen, og verkstad der det måtte høve seg. Mellom anna bruker vi ein kontainer på kai og  STX sine verkstader, men er usikker på kor lenge dette vil kunne fortsette. Fartinga gjer arbeidet tungvint, men ikkje minst går det utover det vi har på lager. Mykje av det lagra har antikvarisk verdi, mykje er det vanskelig å oppdrive i dag.  Bl.a. har vi ein delemotor lagra ute under presenning, med det følgjer det har.

Våre medlemmer legg ned mellom 10 og 15.000 dokumentert timar dugnad i året, og vi ønskjer derfor  å ha ein skikkelig plass å arbeide, der vi slepp å gå på nåde frå arbeidsgjevarar og vener.

 

Torget ny landbase?

Bystyret har utpeikt Torget i Florø og området Haffen/Fylkeskaia som ”Tusenårsstaden” til Flora Kommune, og sjølve torgplassen er opparbeidd. Delar av finansieringa kom frå staten, slik at tusenårsstaden skulle bli eit sosialt samlingspunkt i kommunen. Desverre har ikkje dette slått til.

Veteranbåtane kunne skape eit unikt samlingspunkt i dette  miljøet, ikkje minst på grunn av all aktiviteten det stadig vil være rundt båtane, både på grunn av restaurering og drift.

Vi har diskutert desse planane fram og tilbake sidan 1999, og føler det er naturlig å vurdere ei løysing på landbase for Svanhild og Atløy nettopp i dette miljøet, og gjerne som eit samarbeid mellom fleire brukarar for å skape aktivitet. Det finnast fleire alternative bygg i området, og det beste ville være ei bu med tilflot for begge båtar. Basen vil på denne måten bli ein aktiv del av miljøet, og skape liv og røre i denne delen av sentrum. På sikt vil slik miljøbygging også være svært interessant  for Strandgata som handlegate, -ein vil kunne være med å utvikle eit miljø som andre senter i regionen (!!) fullstendig manglar.

 

Løysing i sikte??

Pr våren 2011 kan det sjå ut til at vi er nærmare ei løysing enn nokon gang. Eit bygg i/ved Florevika  (men ikkje på Torget),  kan komme opp for salg. Prosjektering og innhenting av tilbod på arbeid er ikkje gjort. Vi har sett på alternativ andre stader i Florø, men vi vil likevel arbeide vidare med denne ideen inntil prosjektet evnt. viser seg urealiserbart. I Atløys Venner har vi allereie spart oss opp ein ikkje ubetydelig sum pengar som er øyremerkt landbase, men det er sjølvsagt mange vurderingar som må  takast i ein slik diskusjon.