Atløys Venner

Ein aktiv gjeng Ein aktiv gjeng

Tidlig i 1995 såg mange, mellom anna Kystmuseèt, ein fare for at ein ikkje ville kunne halde M/S Atløy i Florø, då mange store vedlikehaldsoppgåver var nøydde til å løysast. Passasjersertifikatet var utgått p.g.a. påleggsliste frå skipskontrollen, og aktiviteten ombord var låg. Fleire viste interresse for å overta båten.

Med bakgrunn i dette var det det kalla inn til folkemøte i slutten av mars 1995, og ideen om ei ny venne- foreining vart lufta. Etter dette møtet vart Atløys Venner stifta 27.04.95. Foreininga har som formål å støtte drift og vedlikehald av M/S Atløy, og halde den i Florø. Dette skal skje i samarbeid med eigar, Veteranbåtlaget Atløy.

Seinare er det blitt meir og meir viktig å dele båten med heile Sogn og Fjordane, noko vi mellom anna klarer gjennom den årlege «Fjordaferda». Atløys Venner legg i dag ned omlag 15.000 timar i drift og vedlikehald, og båten er i betre stand enn nokon gong. Sidan logging av dugnad starta i 1997 er det lagt ned  over 300.000 timar (fram til 2022) og det er brukt 27 millionar på vedlikehald og restaurering.

Vil du ha kontakt med laget kan du kontakte leiar Lasse Seim på telefon 900 98 990 eller på mail lasse.seim(a)gmail.com