Postluka tilbake

Publisert 3. mars 2000 under Nyhende

FLORØ: Etter at den gamle postluka på M/S «Atløy» hadde vore på vidvanke i 15 år, kom den tilbake via posten før nyttår. Med det er den komen heim att til det nyrestaurerte postkontoret i veteranbåten.

GLADE FOR POSTLUKA: Frå venstre Svein Lind-Hansen, Kjartan Tveranger og Erling Eliassen er glade for at den originale postluka om bord i M/S «Atløy» no er på plass igjen.
 Foto: Jan Atle Stang

 

Den fine postluka i støypejern som hadde pryda ytterveggen på postkontoret ombord på M/S «Atløy» sidan båten kom i rute, vart stolen ein varm sommardag i 1985. Båten låg fortøydd ved Fylkeskaia då ein eller annan sneik seg bort og skrudde av den forholdsvis tunge luka i støypejern.

– Vi trudde ikkje våre eigne auge då vi merka at luka var borte, og aller minst trudde vi den ville komme til rettes att etter så mange år, seier ein av dei som segla med Atløy gjennom mange år, Erling Eliassen.

Utan avsendar
Men gleda var desto større då det viste seg at tjuven hadde angra syndene sine. Postluka vart i fjor sendt attende via posten. Og mottakaren var Kystmuseet.

– At det ikkje sto avsendar på pakken forstår vi godt, men det betyr ikkje så mykje no når den er komen til rette att, seier tre av karane som fleire gonger i veka er om bord i veteranbåten for å jobbe eller slå av ein prat, Svein Lind-Hansen, Kjartan Tveranger og Erling Eliassen.

Laga kopi
Nei, dei hadde ikkje trudd at luka ville komme til rettes att, og difor gjekk Erling i gang med å lage ein kopi i tre av den originale luka. Den kom på plass for eit par år sidan, og når sant skal seiast, var den svært lik den originale.

– Det får ikkje hjelpe at den er lik, den rette luka skal no på plass, seier Erling Eliassen.
Og når den gamle postlugaren no er komen attende til si rette form og postluka på plass, er ein viktig detalj av restaureringa i boks. Heile båten skal attende til den utsjånaden den hadde då den gjekk ut av ordinær rutetrafikk i 1974, så dugnadstimane er mange ennå. Men med den gode dugnadsånda og den gode sosiale atmosfæren som er om bord i dag, bør ingen tvile på at Florø og kysten vil få eit praktekspemplar av ein veteranbåt i framtida.