Nytt frå Dåfjorden

Publisert 2. desember 2010 under Nyhende
Vi følger med!Vi følger med!

Leif rykte ut til Dåfjorden førre torsdag då kjelen hadde stoppa. Den tok han full service og fekk start på igjen, og varmen er no komen på att, – og ”dama” har det bra.

Båten er no klar til å starte arbeidet med å skifte platene, men slippen er enno ikkje klar. Om det let seg gjere å få den opp i løpet av dei næraste dagane vert det gjort. Om ikkje vil den bli liggande på sjøen til over jul. I kulden har båten det betre på sjøen.

Platene som skal skiftast ligg i plategang C og D på babord side, frå spant 18 og framover til spant 30. Plategangane A og B (nærast kjølen) er i svært god stand. Det som skal skiftast ligg på ei tjukne på mellom 6,2 og 6,5 millimeter men har tæringsgroper. Det er ikkje skriftlege pålegg på at det må skiftast.

Når arbeidet tek til kan ein rekne med om lag 2 mnd arbeid. Platene skal takast ut, det skal lagast malar, nye plater skal tilskjærast, dei skal valsast, prøvast, valsast, prøvast og sikkert valsast igjen, deretter borast, brosjast og til slutt klinka. Ei kneplate og litt av eit spant i lasterommet skal også skiftast.

Til slutt skal stål under pullertane (10 cm høg ”støtte” mot rennesteinen) framme på dekk skiftast.