1995
har vore eit svært godt år år for Atløy.
Tidlig
i år såg mange, mellom anna Kystmuseèt, ein fare for at ein ikkje ville kunne
halde M/S Atløy i Florø, då mange vedlikehaldsoppgåver var nøydde til å løysast
(med høg eigeninnsats). Passasjersertifikatet var utgått p.g.a. påleggsliste
frå skipskontrollen, og aktiviteten var låg. Det hadde meldt seg interresenter
både frå Over stokk og Stein og frå Dalsfjord-området (m.a.
Hauglandssenteret / United World College) for å overta ansvaret for drifta av båten.
Begge desse hadde kapasitet til å overta ansvaret, men det ville medført ei
flytting frå Florø. Mange såg det som ønskjeleg å halde båten i Florø, då
dei følte at det var her båten høyrde heime.
Med
bakgrunn i dette var det det kalla inn til folkemøte i slutten av mars, og
ideen om ei ny venne- foreining vart lufta. På bakgrunn av dette møtet vart
Atløys Venner stifta 27.04.95. Foreininga har som formål å støtte drift og
vedlikehald av M/S Atløy, og halde den i Florø. Dette skal skje i samarbeid
med Andelslaget Atløy, og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Det følgjande vert ei
oppsummering av arbeidet så langt.
ØKONOMI
Atløys
Venner har pr. i dag i overkant av 17.000,- på kto. I tillegg har vi 65.000,-
til gode hos Norges Sildesalslag for arbeid på Rota. Totalt har Rota prosjektet
innbrakt ca 140.000,- netto og pengane er for ein stor del nytta til brodekk
(utført av Svanøy Båtbyggeri) og diverse vedlikehald. Resterande pengar vil
m.a. verte nytta til overhaling av hovedmotor og hjelpemotorar. Vert det pengar
til overs vil desse verte nytta til tak på broa.
Atløys
Venner har fortsatt kontakt med Sildesalslaget for eitt nytt oppdrag, med ei
brutto inntekt antyda til 250.000. Dersom vi får denne, og utfører det på
rimelig vis, burde inntjeninga kunne bli svært bra.
DUGNAD
Dugnadsinnsatsen
har vært jamn utover heile sesongen. Vi starta opp med ein god del arbeid i
mai/juni for å få skuta klar til utleige. Dessverre kom arbeidet for seint i
gang, og mange potensielle oppdrag gjekk fløyten. Vi forutset å være ferdig
til 1. mai i år. Mange har vært innom på forskjellige oppdrag, men jamnt over
er vi ein stamme på 8 - 10 personar som arbeider. P.t. er det fast dugnad kvar måndag,
men det er stort sett folk ombord kvar dag.
Av
oppgåver utover vanlig vedlikehald, kan nemnast;
-
Forbereding
og laging av nye spant, utskifta av Mastrevik Mek. Verksted. Nedlegging
av sement/ballas etter innsetting av nye spant.
-
I
samarbeid med Over Stokk og Stein oppusing av bondestova
-
Slipping
på Johanssen slipp i Måløy
-
Kutting
og nedlegging av 2.500 kgs ballast
-
Total
overhaling Deutz
-
Ein
del reparasjonar på HM og Leyland
-
Rustpikking
og opprensking av det meste av skrog og spant under dekk, i lasterom,
hekk og skarpen.
-
Montering
av utstyr og behandling av dekk etter utskifting av brodekk på Svanøy.
Nedsliping av bru utvendig
-
Utskifting
av byssedørk etter pålegg frå Skipskontrollen
-
Gjennomgått
vinsj og vinsjrerør etter at denne var av. Noe rør, b.l.a. i lasterom
byttet.
-
Utskifting
av plate og lyre i båtmannskap.
-
Overhaling
av sentralfyr. I tillegg er montert ein del elektriske omnar.
-
Arbeid
i forhold til presse i forbindelise med forslag til statsbudsjett.
Resulterte i 4 artiklar
og innslag på NRK S og Fj.
Av
arbeid framover før mai ser vi behov for å gå over alle rekker p.g.a. kantar og rust, oppbygge aktre 1. plass salong med
finer/mahogny, sandblåse mast og
bom, skifte styrehustak. Alle krakkar og «dørmatter» må pussast opp, ein
treng nytt trallverk over styremaskin (kommer som gåve frå Framdansen),
kapteins- og båtsmannslugar må pussast opp. Hovudmotor skal overhalast og
Leyland bør overhalast. Ein del plater skal skiftast i taket på maskinrommet.
Båtdekket bør snart skiftast, men dette vil vi sannsynligvis ikkje kunne ta
utan stønad frå Riksantikvaren eller andre.
Totalt
har det pr dato gått med over 2.500 dugnadstimar. Talet er nok høgare, men
dette er det vi har registrert. Pr.
31.12. fordeler det seg slik;
Vedlikehaldsarbeid
ombord, inkl maskin
|
1.584,0
|
timer
|
Over
Stokk og Stein, ferdigsilling bondestova
|
320,0
|
timer
|
Inntektsgivande
arbeid (Rota)
|
208,0
|
timer (ufullstendig)
|
Mannskap
|
367,5
|
timer
|
Møter
|
240,5
|
timer
|
Totalt
|
2.720,0
|
timer
|
Med
arbeidstart i månadsskiftet april/mai, tilsvarar dette i overkant av 2 årsverk
(340 timar pr. månad)
OPPSUMERING
Med
betalt tilskot (91.129,61), mannskapsdugnad, arbeid ombord
er totalt tilskot frå Atløys Venner til drifta av M/S Atløy pr.
31.12.95.berekna til 308.786,60
kroner. Arbeidet går framleis bra, og vi meiner den
for så vidt høge aktiviteten tilseier ei framleis tilknyting til Florø og «vårt» miljø. Vi har vist at
vi både evner å skaffe midlar, og folk til dugnad.
Minst
like viktig som det denne aktiviteten tilfører båten ,er den auken i interesse
for kystkultur og vår nære historie arbeidet medfører. Hovudmålet er jo
trass alt å halde båten som eit levande minne «gamledampen», og den
revolusjon den medførte for vårt distrikt for over 100 år sidan. Det vert
sagt at når Nordre Bergenhus Amt valde å satse på maskindrevne fartøy for
gods- og passasjerberfordring, var dette like revolusjonerande som om ein i dag
skulle satse på romferjer i staden for «ekspressen».
Florø
12.01.1996.

|