1998 har vore nok eit godt år for Atløy.
Slik har kvar årsmelding opna sidan vi starta med Atløys Venner. I år
er det fortsatt mykje sant i det, men vi slit hardt med ein anstrengt økonomi både
i Andelslaget og Venneforeininga. Vi har ikkje hatt pengar sidan september, og
dette har naturlig nok prega eigne mogelegheiter til å utføre ein del av dei
tinga som synest turvande. B.l.a. må vi regne
med at Leyland hjelpemotor må skiftast om ikkje altfor lenge. Den er
fortsatt i brukbar stand, men bruker pr dato like mykje olje som diesel. Vi har
sett på kostnaden ved overhaling, men denne synest uforholdsmessig høg. Denne
maskina vart sett inn etter at båten gjekk ut av rute, og det er såleis heller
ingen antikvariske argument for å ta vare på henne. Beste alternativet ser
derfor ut til å være å kjøpe ny, eller evt. nybrukt. Vidare bør vi snarast
råd få investert i ein høveleg opplagspresening, slik at det arbeidet som er
gjort vert sikra.
Det er allikevel mykje positivt å peike på. Arbeidet på Hardanger
Fartøyvernsenter, med støtte frå Riksantikvaren held fram, og vi har no fått
skifta fordekket. Arbeidet vil fortsette hausten 99, og vi har foreløpig fått
tilsagn om oppattbygging av begge lugarar på båtdekk, og postlugaren. Vonaleg
vil vi også få midlar til oppattbygging av 2. klasse salong forut. Her er no på
det meste allt reve ut og klargjort for inspeksjon frå Skipskontrollen. For å
bøte på økonomien har i starta eit prosjekt med det famøse namnet ”Atløy
2000”, som vi håpar kan styrke aktiviteten og legge ein botn i økonomien for
båten. Når det gjeld foreiningsarbeid har vi no kome igang med månadlige
inforbrev til alle medlemmer, og vi har også fått ferdig medlemsbasen på
data. Dette gjer at vi vil få større oppslutnad gjennom informasjon, samtidig
som vi lettare kan få ut den samme informasjonen.
ØKONOMI Som
sagt er begge lag prega av dårlig økonomi, og har pr dato (04/03/99) null på
konto. Hovedgrunnen til den dårlige sesongen er først og fremst dårlig vær.
På det beste var vi oppe i 7 timar samanhengande sol, og slikt stimulerer ikkje
akkurat lysta til å dra på tur med Atløy. Ein annan forklaring er dårlige
tider for næringslivet generellt og oljeindustrien spesiellt. Dette har ført
til ein meir restriktiv bruk av pengar, og blåtur/firmaturar er vel blant det første
det blir kutta på. Vi ser derfor eit sterkt behov til å bearbeide også andre
segment. Vidare var vi uheldige med ein stortur i Dalsfjorden på grunn av
maskinproblem, og gjekk dermed glipp av ca 35.000,-. Pengane frå Sildelaget står
fortsatt ute, og Øymål v/Arild Karlsen skylder oss fortsatt 5.500,- på 3de året.
Når desse pengane kjem inn vil vi ha ein pluss på 14.500.
Andelslaget har tatt opp eit kortsiktig lån på 50.000,- frå
Fylkeskultursjefen for å betale siste rest på Hardanger Fartøvernsenter.
Pengane er garantert for av medlemmene i styret av Andelslaget. Vidare er det lånt
10.000,- privat. Differansen frå Hardanger skyldes først og fremst at ein i
fjor bestemte seg for oregon pine på båtdekket i staden for furu. Dette ga ein
ekstrakostnad på ca 30.000,-. På den positive sida ha vi fått 25.000 av ABB i
Førde i form av overhaling av generator.
Atløy
2000 er godt i gang, og vi legg opp eit prosjekt
mot 4 til 5 hovudsponsorar, og eit ubegrensa antall mindre sponsorar. Tanken er
at desse skal gå inn med ein årleg fast sum til eit fond styrt av dei samme
sponsorane saman med andelslaget og Atløys Venner. Lag og organisasjonar kan søke
om pengar frå fondet for bruk til leige av Atløy. Dei må sjølve betale delar
av kostnaden, mens resten vert dekka av fondet. På denne måten får sponsorane
profilert seg to gonger; ved å støtte Atløy og samtidig ovanfor lag og
organisasjonar som ynskjer å bruke båten. Det set og igang ein positiv
tankeprosess hos dei same laga, som må bruke tid på planlegging og søknad.
For vår eigen del vert gleda større, då vi rekk ut til fleire og meir aktivt
kan formidle Atløy som den kystkulturbærar vi ønskjer den skal være.
Prospekt er utarbeida, og ”salget” er såvidt kome i gang.
I reine pengar er det i 1998 overført ca 7.000,- frå Atløys Venner
til Andelslaget. Desse pengane er gått til betaling av divesre regningar, og
kan dokumenterast gjennom A/L Atløy sin rekneskap. I tillegg har Atløys Venner
kjøpt deler og materiell nødvendig for drifta for 73.720,-
DUGNAD
Det er i år gått med noko mindre dugnad enn
dei tidligare år, men vi bikkar alikevel 3.000 timar. Dugnaden har vært
konsentrert rundt ferdigstilling etter at båten kom tilbake frå Fartøyvernsenteret,
mannskapsjobbing i sommar og klargjering for vidare arbeid i Norheimsund. I
tilleg var vi to turar i Norheimsud, b.l.a. var 3 medlemmer nede og arbeidde
gratis i ei veke. Pr. 31.12. fordeler det seg slik;
Vedlikehaldsarbeid ombord, inkl maskin |
878,5
|
timar |
Klargjering for skifte av fordekk
|
1.056,5
|
timar (inkl 2 turar Norheimsund)
|
Mannskap
|
918,5
|
timar
|
Møter, Atløy 200
|
169,0
|
timar
|
Totalt
|
3.022,5
|
timar
|
Som ein ser er vedlikehaldsarbeidet ombord redusert med nesten 50% i
forhold til i fjor. Det er ikkje berre behovet som har styrt dette, men og det
at vi har hatt båten liggande ved Quality Maritim Hotel. Dette har
ikkje stimulert til den store innsatsen. Folk likar ikkje å arbeide på
utstilling, i tillegg til at vi har ønska at båten til ei kvar tid skal ta seg
bra ut. Arbeidet framover vil for ein stor del bestå av å fortsette å rive
2de plass lugar og slipping. Vinsj og rigg må på plass, og ein del maling vert
det også. Det store spørsmålet blir allikevel kva Skipskontrollen vil sei
under slipping, og om vi maktar dei utbetringane som evt. vil komme. Vi håpar
vidare at arbeidet kan fortsette ved Fartøyvernsenteret til hausten. Vi må også
snarast ta til med preservering av reservedelsmotoren.
TURAR
Atløys Venner har hatt 3 fellesturar i sommar, som alle var ein
suksess. Første turen gjekk til Bulandet, så var vi ein tur til Jacob
Sandefestivalen, og til slutt gjentok vi suksessen med Suletur. Vestkysten
Reiseliv stod for salet av alle turar, noko som har ført til ein del misnøye,
både på grunn av høge satsar og litt dårlig informasjon som har ført til
mistydingar. Denne sesongen vil vi også selje sjølve, og det vert arbeidd med
ein ny avtale med Veskysten som må behandlast av Andelslaget. For neste sesong
er det foreløpig booka 15 turar.
LAGERPLASS
- VERKSTAD
Vi arbeider stadig med å finne « ein
stad å være ». Tidlig i vår heldt vidugnad for Kystmuseet som har fått
lån henga i Ausa av Global i fem år. Vi har lagt inn ein del av våre ting
der, men det er absolutt ingen god plass for maskindeler o.l. Det vi har av
reservedeler er lagra på ei bu ved Solheim diesel, men heller ikkje her kan vi
rekne med å være lenge. Den brukte maskina vi kjøpte i fjor står fortsatt
lagra ute på Kværner sitt område, og det hastar med å finne eigna plass til
denne. Vi har derfor arbeidd aktivt med fleire forskjellige alternativ (Kringleskjæret,
Hellesenbua, eigen hall ved flyplassen, Rubbhall) uten at vi har kome lenger.
Dette arbeidet må prioriteras i 99.
OPPSUMMERING
Med betalt tilskot direkte till drifta (80.720 kroner), mannskapsdugnad
og arbeid ombord er det i -98
totalt tilført drifta av M/S Atløy 532.240 kroner frå
Atløys Venner. Timesatsen er sett til 115 kroner for vanleg arbeid, og 220
kroner for arbeid som erstattar hjelpearbeidar på verft.
Arbeidet går framleis bra, og miljøet er godt. Arbeidet vidare med
Rikantikvaren/Fartøyvernsenteret fortsett vonaleg. Vi har ein stor utfordring
med å sikre laga sin økonomi, og vi må arbeide vidare med landbase, slik at
vi kan lagre reservedelar forsvarlig, og ha ein stad å arbeide.
Florø 03.03.1999

|