2003 har
vore nok eit godt år for veteranbåten M/S "Atløy". Første del av året var som
vanleg opplagsperiode med vedlikehald av båt og maskineri. I vinterperioden kan
vi no glede oss over ei heildekkande presenning, som tar godt vare på både båt
og folk. Av dei store jobbane som vart utført på landets best bevarte veteranbåt
(jmf Forbundet Kysten sitt landsstemne i 2002) gjennom året kan nemnast:
-
Lenserør, rør til hydrofonanlegg og toalett er for ein stor del skifta eller
overhalt, likeeins alle ventilar tilhøyrande desse systema.
-
Montert
ny brannpumpe i lasterommet med tilhøyrande einsidig skottflens m/stenging.
Pumpa kan styrast direkte frå dekk.
-
Hovudmotor har hatt toppane av, og motorblokka er plana under 1 vekes
verkstadopphald på Rubbestadneset. Nye fôringar dreia.
-
Deutz
hjelpemotor har vore ute til full overhaling. Ventilseter maskinert, sylindrar
hona, nye stempelringar og nytt pakningssett.
-
Iveco
hjelpemotor fått kapsla eksos.
-
Begge
dei gamle toaletta er totalt renovert ned til stål, dvs at all betong er
vekkhoggen, dårlig stål skifta, ny betong med nye fliser støypt. I tillegg er
eit 3de toalett restaurert og "nyopna" i kappa framme på sb side slik det var
originalt.
-
Byssa
er tatt heilt ned til stålet og store delar av dørken skifta. I løpet av våren
vil ny bli støypt, og det vert sett inn ny gassomn som passar kokinga ombord
betre.
-
Under
2de gangs slipping (Solund, 1 veke) vart ein del stål i hekken skifta, flyndra
og skeivt ror vart retta. Fôring i hengsle til rorblad vart skifta.
På dekk
har det kome 2 nye luftingar til lasterom, og ein dårleg luftekanal til
maskinrommet er skifta.
I tillegg til dette kjem den årlege dokksettinga med inspeksjon av
undervasskrog, uttaking av alle overbordsventilar for inspeksjon og klassing.
Deretter skraping og flekking og til sist nytt strøk med botnstoff. For første
gang skjedde klassinga utan eit einaste pålegg frå Skipskontrollen!!!
Økonomi
Vi i Atløys Venner har lagt ned mykje arbeid i forretningsdrifta, og det viser
også i år resultatet i rekneskapen. Atløys Venner omsette for i overkant av kr.
300.000,- i 2003. Størstedelen av inntekta kjem frå sal av effektar, arrangement
som Atløydansen og medlemskontingent. Nytt av året er at vi også har selt 1.000
sekkar ved (med forteneste) til øyafolket. Totalt vart nettoen ca 105.000,- for
Atløys Venner. 45.000,- er overført A/L Atløy som tilskot.
I tillegg segla båten inn kr. 486.667,-som går til A/L Atløy sin konto. All
innsegling til A/L Atløy kan tilskrivast det arbeidet som Atløys Venner gjer for
båten i form av gratis mannskap.
Vi meiner økonomien er sunn, men dette er nødvendig, då det stadig kjem
overraskingar. Dei store rekningane kjem når ein minst ventar det, noko vi
opplever kvart år. Nokre kroner i bakhand er derfor heilt nødvendig.
Sesongen 2003
Sesongen vart også i år opna med « Fjordaferd » til Nordfjord, ein kultur-tur
der Atløys Venner og Kystmuseet i samarbeid lagar eit konsept med « fjordabåten
» i sentrum. Sesongen heldt fram med opphald i Bergen, noko kortare i år enn
tidlegare. Som vanleg er store delar av drifta basert på blåturar, skuleturar,
bryllaup, konfirmasjonar, åremålsdagar og fleire blåturar.
I mai vart det tur til Selja og tvillingdåp ombord. Veikingkonvoien vart besøkt
etter fiasko med sildecruise under sildebordet. Spesielle turar vart også
overraskingstur til Losnaspelet og skyssing under Kobbeskjærskvelden i Fjaler.
Den store venneturen gjekk i år til Sogn saman med bl.a. M/S "Granvin" og D/S
"Børøysund". Vi cruisa saman i både indre og ytre Sogn i nærare 14 dagar, og dei
som hadde høve til å være med fekk eit minne for livet. Til Sogn gjekk også ei
vekes tur med Saga Fjordbase. Saman med M/S "Granvin" gjekk vi i juli til
Skånevik og Bluesfestival for første gang. På hausten vart sesongen avslutta med
ny 10 dagars tur til nettopp Sogn. Det er slik svært mange år sidan Sognefjorden
har sett like mykje til vår flotte båt!
Gjennom sesongen har vi i år prøvd å gå til Kalvåg alle søndagar vi er ledig.
Knutholmen betaler annonsering, då dei fleste passasjerane tar lunsj der. Nytt
av året er også vekestur med DNT, den såkalla Fjord, Fjell og Bre. For seint
viste det seg at vi kunne fylle ei ekstra veke, men dette vert tatt opp att i
2004. Totalt gjekk hovudmotoren 1.469 timar i 2003 og dette fortel oss at båten
vart veldig mykje brukt til veteranbåt å vere.
Dugnad
Totalt utført dugnad på båten i 2003 utgjer meir enn 9000 timar. Mannskapsarbeid
og dugnad under verkstadopphald utgjer åleine ca 6.220 timar. Verdien av
arbeidet utgjer i alle fall 2.000.000,- kroner. Hurra for oss!
Sesongen 2004
ser også ut til å bli ein aktiv sesong. Foreløpig veit vi at vi skal på ny tur
til Skånevik, det vert oljemesse i Stavanger, 2 fjordaferder, 1 vekes ferietur,
2 veker Fjord, Fjell og langhelg til Solund med turlaget. Svanøy skal dessutan
hentast heim, og om vi vil blir vi æresgjest under Hamnedagane i Haugesund.
Framleis er mannskapssituasjonen vanskeleg med nye krav basert på
STCW-konvensjonen, nye krav til radioutstyr og operatør til dette, SOLAS og nye
terrorsertifikat. Det vert snart dyrare å halde mannskapet med papir enn båten,
sjølv om vi seglar i innanriks fart om sommaren. Det går faktisk rykte om at
navigatør må ha kurs i krisepsykiatri for bruk etter evt terrorangrep (jmf Red
Mercury?)
Men det vert vell ei råd denne gongen også......
Florø 24.02.04
Styret |