2001 har vore nok eit godt år for Atløy.
I slutten av januar var M/S Atløy henta heim frå Hardanger Fartøyvernsenter, etter at dei hadde bygd opp at 2. klasse salongen framme. Arbeidet vart utført med økonomisk støtte frå Riksantikvaren. Vel heime gjekk turen rett til Kleven for dugnad i lasterommet og ferdigstilling av lugarane framme. Her vart det malt, lagt nytt elektrisk opplegg og lagt ny dørk i linoleum. All innreiing i lasterommet vart tatt ut, sameleis all ballast. Alle rør vart skifta, og skroget vart prima. Ny krengeprøve vart utført med god hjelp frå proffar, og papir innsendt for å auke passasjertalet til 80. Etter handsaming frå Sjøfartsdirektoratet laut vi dessverre nøye oss med 60 !
Etter at ny ballast var lagt ned, vart det "nye" lasterommet bygd opp att med skikkeleg storeys for øl, vin og artiklar for sal ombord. Eit lite bad med dusj vart det også plass til, slik at ein på lengre turar kan ha det litt betre ombord. Nedgangen er no med ei god trapp, slik at nedstiginga skal verte mindre farefull. Alle framandelement er laga slik at dei lett kan fjernast. I maskina vart det stempelsjau med skifte av toppakningar, foringar og stempelringar. Samstundes vart veivlager sjekka. Ladeluftkjølar, smøreoljekjølar og ferskvasskjølar vart alle reinsa og zinkar skifta. Den fleksible koblinga mellom hjelpemotor og generator er skifta etter slitasje. Vi skifta i 2000 pakkboks på hylsa, men denne viste seg ikkje å være tett grunna unøyaktig arbeid frå Halleraker si side. Vi gjekk derfor tilbake til dei på hausten for å få arbeidet gjort opp att. Dette arbeidet vart utført for deira rekning. Kjølen, frå for til akter, er reinsa. Det er no god og frisk lukt i heile båten, etter at vi ein periode var plaga av dårleg lukt, spesielt i aktersalongen.
Marknaden lokalt er mindre, og mykje av leigeinntektene lyt i dag hentast i Bergen og på lengre turar. Dette fører til eit større "forbruk" av mannskap, og dugnadsinnsatsen går derfor kraftig oppover. Fleire mannskap er ombord vekevis i strekk, og dette drar fort på seg timar. I tillegg har innsatsen ombord både vår og haust vore stor.
Styret har hatt 17 møter gjennom året, men strukturen vert flatare og flatare. Vi har hatt 5 medlemsturar, dei fleste av desse lange. Internett har vore oppdatert uregelmessig. Det er utsendt 4 medlemsinfo pr post. Gjennom året er det arrangert 3 dansar ; ein Framdans, ein Atløydans og ein romjulsdans. Vi har arrangert eit lotteri. Kontakten med Bergen og
Granvin-gjengen er betre og betre, både kommersielt og kameratsleg. For oss er dette nyttig og inspirerande. Året vart avslutta med utgjeving av Atløyboka, noko som vart eit flott løft for laget, og svært viktig for dokumentasjonen av historia til Atløy.
ØKONOMI
Omsetninga til Atløy vert større og større, og passerte i 2001 ca 340.000,- Inntektene til laget baserer seg på sal av effektar og servering ombord (til saman 136.215), lotteri (58.585,-), arrangering av dansar (78.500) og
medlemskontingent. Overskotet går til kontantstøtte til A/L (95.800), reiser for mannskapet til og frå båt og verft og mat til mannskap (totalt ca 28.340,-) og sparing (10.000,-)Drifta av sjølve laget kjem på 14.000,- I 2001 vart det dessutan brukt 29.900 til utgjeving av bok. Noko av dette vil vi seinare kunne få igjen, gjennom sal av boka. Alle inntekter og kostnader til drift av båten går til A/L Atløy. Ein større og større del av overskotet kjem frå arrangering av dans. I 2001 utgjorde dette i overkant av 55.000 netto.
Pr dato har laget ca 50.000 på driftskonto, og 153.000 på sparekonto.
DUGNAD
Dugnaden er prega av arbeidet i maskina, med lasterommet og særleg mannskapsarbeid.. Pr. 31.12. fordeler det seg slik;
Vedlikehaldsarbeid ombord 3.486,0 timar
Mannskap 4.643,0 timar
Møter, Atløyboka, rekneskap 540,0 timar
Arrangering av dans, lotteri 410,0
Totalt 9.079,0 timar
TURAR
Sesongen starta med tur til Sogn, og besøk til D/S Stavenes. 17de mai var det tradisjonen tru tur til Fanøybua. 6. juli starta årets "ferietur" til Skjerjehavn, Florø, Silda, Ålesund og Forbundet Kysten sitt landsstemne i Bud. Vi gjekk saman med M/S Granvin, R/S Christian Børs, R/S Aril, M/K Arnefjord, Rover og diverse andre. Etter dette vart det Sildebord i Haugesund, tur til Modalen med bergensbåtane, før sesongen slutta av med krabbefest i Skjerjehavn og Fjordaferd saman med Kystmuseet. Særleg Fjordaferda er ein tur dei som hadde høve til å være med på seint vil gløyme. Her var over 2.800 personar ombord !!
Av lengre reine utleigeturar kan nemnast tur til Arnefjord med Saga og to turar til Bergen på høvesvis 12 og 5 dagar. Saman med Granvin var vi også til Moster, Bømlo og Stord. Vi hadde også ein fantastisk innbringande St Hans med køyring att og fram på Rota, der Veikingkonvoien hadde slege rot.
Salet er gjort av Maritime Tours, laget sjølv og Vestkysten Reiseliv. For neste sesong ynskjer også Fylkesbaatane å ta del i salet.
LAGERPLASS - VERKSTAD
Vi arbeider stadig med å finne " ein stad å være ". Den brukte maskina vi kjøpte i 1998 står framleis lagra ute på Kleven sitt område, og det hastar med å finne eigna plass til denne. Vi har sett på ei tomt ved Kystmuseet, men kommunen bestemte seg for å kjøpe denne, for seinare å overdra den til museet. Draumen er framleis ei løysing i sentrum. Dette går seint, men tida er på vår side, og det kan bli ei løysing også på dette. P.t. har vi 153.000 på sparekonto, som er øyremerkt dette formålet..
OPPSUMMERING
Med betalt tilskot direkte till drifta (126.840 kroner), mannskapsdugnad og arbeid ombord er det i -01 totalt tilført drifta og restaureringa av M/S Atløy 1.641.335,- kroner frå Atløys Venner. Timesatsen er sett til 135 kroner for vanleg arbeid, og 240 kroner for arbeid som erstattar hjelpearbeidar på verft/lønna sertifiserte sjøfolk. I tillegg kjem dugnadsinnsats til møter, rekneskap og planlegging. Atløy kunne heller ikkje segle inn ca 350.000 utan vår frivillige innsats.
Arbeidet går framleis bra, og miljøet er godt. Arbeidet vidare med Rikantikvaren/ Fartøyvernsenteret held fram. Båten er i betre stand enn på svært mange år, og vi klarer å halde oss ute av gjeldsfengsel. Vi har ein stor utfordring med å skaffe oss ein landbase, og arbeidet med å ha nok kvalifisert mannskap (STCW95) vil bli ei utfordring.
Florø 06.03.2002

|