1997 har vore nok eit godt år for Atløy.
Sidan « vi » tok over drifta av båten i slutten av april i
–95, er det lagt ned om lag 10.000 dugnadstimar og ytt tilskot til drift og
vedlikehald på nærare 200.000 kroner i reine pengar. I tillegg til dette beløpet
har det som er køyrt inn gjennom utleige gått inn i vedlikehaldet over A/L Atløy.
Totalt ein ikkje ubetydeleg innsats.
Arbeidet har ikkje vore fånyttes ; Vi har i år motteke 420.000 frå
Riksantikvaren til nytt båtdekk og nytt styrehustak, venteleg vil vi få midlar
også i –98 til nytt fordekk. Riksantikvaren har også utvist smidigheit og
rask handsaming då vi søkte om straksmidlar til « ny » maskin som
Kystmuseet kom over. Vi har skyssa Kulturminnestafetten –97 (eit
samarbeidsprosjekt mellom Norsk Forening for Fartøyvern, Fortidsminneforeningen
og Forbundet Kysten for å sette fokus på kystkultur) gjennom fylket, og særleg
for mannskapet ombord var dette ei stor oppleving og ei kjelde til inspirasjon
for vidare arbeid. Næringslivet i Florø, og kanskje særleg oljeselskapa, har
også blitt klar over det aktivum M/S Atløy er for byen, og viser dette gjennom
større bruk av båten og gjennom reine gåver i form av pengar og materiell.
Sist men ikkje minst har vi i dag ein god stamme av folk som er villige til å
stå på og har interesse for bevaringa av M/S Atløy. Miljøet er godt, og vi
kjem over dei kneikane som stadig dukkar opp.
Alt dette tolkar vi som ei anerkjenning av det arbeidet som er utført,
samtidig som det viser at det nyttar. Vi føler vel alle glede over at vi kan være
med på å føre både fartøy og litt kystkultur vidare til seinare tider.
ØKONOMI
Atløys Venner har pr. i dag i overkant av 30.000 kroner på konto. I
tillegg har vi 15.000 kroner til gode hos Norges Sildesalslag for arbeid på
Rota i -96. Pengane stammar hovudsakleg frå gåver (bl.a. Framdansen med
37.666) og sal ombord. I 1997 er det overført 39.872 kroner direkte til drifta
av båten. Atløys Venner har framleis kontakt med Sildesalslaget for eitt nytt
oppdrag, som dersom det vert aktuelt kan gi svært bra inntening.
Vi har samstundes store utfordringar framfor oss. Løyvingane frå
Riksantikvaren til nytt båtdekk og nytt styrehustak var basert på bruk av
furu. Etter lovnad frå vår side om å dekke mellomlegget vart dekket lagt i
oregon pine, slik det var originalt. Dette har medført ein meirkostnad på
30-40.000 kroner som vi må dekke. Nye forskrifter krev større flåtekapasitet,
og vi kan rekne med ei investering på minimum 60.000 for å få dette til. Det
kan òg bli kravd MOB-båt, og kostnaden for dette vil ikkje bli låg. For å få
desse endane til å møtast i –98 vil det verte nødvendig med ein betydelig
innsats, og ein offensiv mot næringslivet i kommunen vil verte gjennomført så
snart krava er på det reine. Vi ønskjer oss også ei opplagspresenning for å
ta vare på det nye dekket, men her kan
det være mogeleg vi får løyvingar.
DUGNAD
Dugnadsinnsatsen har vært jamn utover heile året, med ein topp før båten
vart tatt til Norheimsund for skifting av dekk. Også gjennom vinteren, medan båten
var vekke, har det vært arbeid, bl.a. med oppussing av dekksstolar og anna
avmontert dekksutstyr. Mange har vært innom på forskjellige oppdrag, men jamt
over er det ein stamme på 8 - 10 personar som er svært aktive. Nokre få utmerkar
seg særleg, og gjer ein innsats båten ikkje kunne vært utan. P.t. er
det fast dugnad kvar måndag og torsdag, men det er folk ombord i arbeid stort
sett kvar dag.
Tidlegare år har vi, forutan vanleg vedlikehald, hatt tyngre jobbar som
overhaling av alle maskiner, skifting av dørk, innsetjing av nye spant,
nedlegging av ballast, dieselsjau o.s.b. Arbeidet er no kome meir over på
detaljar og kosmetiske ting, slik som stolar, dører, treverk, skilting, bilder
o.s.b. Dette er arbeid som tar mykje tid, då det så langt mogeleg skal finnast
tilbake til original utsjånad og utførast « på gamlemåten ».
Dette fører naturleg nok til både mykje tankearbeid og mange diskusjonar. I
tillegg har vi i år (sjølvsagt) hatt mykje arbeid med klargjering av båten før
skifting av dekk og styrehustak.
Vi har i lengre tid nytta godt av lageret til Kystmuseet til oppbevaring
av diverse deler og utstyr. Då dette lageret no må rivast, vil det være
naudsynt med ein ny stad. Same behovet har Svanhild, og ein ser på
forskjellige alternativ for eitt felles lager. Det vil og være ønskeleg om ein
slik plass kan byggast ut med verkstad med kaffitrakter, slik at miljøet kan
styrkjast ytterlegare. Eit av alternativa er Furuholmen, der det vil bli mogeleg
å dele verkstad. Som lager kan også henga i Ausa være aktuell, og det er lagt
inn bud på denne. Her er svært god plass, og ein har høve til å leige ut til
andre formål for å redusere kostnadene.
OPPSUMMERING
Med betalt tilskot (39.872 kroner), mannskapsdugnad og arbeid ombord
er det i -97 totalt tilført drifta av M/S Atløy
441.702 kroner frå
Atløys Venner. Timesatsen er sett til 110 kroner for vanleg arbeid, og 210
kroner for arbeid som erstattar hjelpearbeidar på verft.
Arbeidet går framleis bra, og miljøet er godt. Båten har det betre no
enn på lenge, og arbeidet er krona med anerkjenning frå mellom andre
Riksantikvaren. Viktigast av alt er likevel den interessa og merksemda kring
Kystkultur dette medfører. For mange er det også kjærkome å halde båten i
Florø, -som ein levande del av bybildet. Framover har vi likevel store
utfordringar, ikkje minst i forhold til økonomi og investeringar i forbindelse
med nye reglar.
Florø 22/04/98

|