A/L Atløy tar opp lån

Publisert 19. november 2000 under Nyhende

For å betale siste rest av rekninga hos Halleraker Mekaniske, er A/L Atløy tvungen tiø å ta opp eit lån stort 75.000,- Lånet vil bli tatt opp hos Sparebanken Flora Bremanger, som også tidlegare har stilt opp i slike høve. Meininga er å betale tilbake så snart vi kan, seinast juli.  

Håpet og planen er at lånet må være innfridd før vi byrjar sesongen, slik at dette ikkje blir hengande med inn i neste sesong. For å få dette til må vi ha eit vellukka lotteri, og gjerne starte ein « tiggerunde » over jul når Florø-bedriftene har ferske budsjett.