Arbeidet på HFS i gang

Publisert 28. oktober 2000 under Nyhende

hardanger-fv-liteEtter at slippinga hos Halleraker på Bømlo var ferdig den 18de oktober, gjekk Atløy rett til Hardanger Fartøyvernsenter (HFS) i Norheimsund. Her skal salongen framme byggast opp att ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren.

Arbeidet er allereie godt i gang, og dørken er no på det næraste på plass. På grunn av ein del rust under kappa framme på babord side vil ein gjeng reise nedover ein av dei første helgene. Sementen som dannar dørk i skapet skal vekk, og det dårlige stålet skiftast. På denne måten unngår vi å kle inn dårleg stål, noko vi ikkje ynskjer. Vi vil også dekke til brua for å spare arbeid med skraping av teak til våren.

Tilsette på Hardanger FartøyvernsenterTilsette på Hardanger Fartøyvernsenter

Arbeidet er planlagt ferdig til 16de desember, men det har ofte vist seg at det tar lenger tid enn planlagt. Forhåpentligvis vil dei 450.000,- som er løyvde frå Riksantikvaren være nok til det planlagde arbeidet. I prisen ligg ikkje skifting av benkar til skinn, men dette lyt vi prøve å få finansiert i neste omgang. Om alt går etter planen vil Atløy være heime til jul, men det er vel sannsynlig at det dryger ut i januar.