Årsmøte A/L

Publisert 25. oktober 2000 under Nyhende

Andelslaget Atløy, som eig båten, har no avhelde Årsmøtet. Dessverre var oppmøtet labert. Regnskap, årsmelding og budsjett vart gjennomgått med små merknader. Deretter hadde Trond Strømgren ein gjennomgang av sitt arbeid med dokumentasjon. Så snart han er ferdig med rapporten nærmare jul, vil styret ta ein diskusjon på kva årsmodell Atløy skal settast tilbake til. Pr i dag er dette sett til 74 modell, men det kan være teneleg å sette eit tidlegare årstal.

Med -74 modell vil ein måtte bytte skorstein ”tilbake” til ny, lav type. Samstundes må salongen framme byggast opp med 3 små lugarar, noko som ikkje er tenleg til den farten vi går i. Styret får mandat til å ta ei beslutning på dette.

Etter dette informerte Vigleik om arbeidet på Halleraker og Hardanger. Til slutt informerte Atløys Venner om planane for neste sesong.