Atløy går på Suletur 14-16 juli

Publisert 15. mars 2000 under Nyhende

Denne helga inviterer vi til « Suletur », ein svært opplevelsesrik tur i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn. Avgang frå Florø fredag klokka 1600 til Bulandet med innlagt stopp i Værlandet. Dersom været er bra, vil nokre spasere over øya, og folk frå Værlandet kan då vere med båten. Vi kjem Ca kl. 20:00 til Nordens Venezia, Bulandet og inviterer lokale krefter ombord til fest og moro.

Laurdags morgon går vi frå Bulandet til Hersvik og vidare til Buskøy, Færø, Lågøy, Hardbakke, Ytrøygrend, Gjønnevåg, Utvær (Noregs vestlegaste busetning ; berre dersom været tillet det), Indrevær, Kolgrov, Nåra og til slutt Hardbakke igjen. Her kan ein overnatte på Hardbakke Pensjonat for ein rimelig penge. Rekekveld på kaia med trekkspill og dans.

Søndag etter frukost til Florø igjen, med innlagt stopp på den gamle Lågøy Landhandel. På turen nordover går vi vest av Atløy, forbi Alden (Den norske hesten) og Vilnes, forbi Staveneset til Florø.

Turen kostar 500,- pr pers. I tillegg kjem mat og overnatting. Muligheit til å overnatte ombord (enkel standard) til 100,-/natt. Max 30 passasjerar.

All booking til desse turane vil bli gjennom Vestkysten Reisleiv i Florø, telefon 5774 7505.