Atløy helsar «Harald Jarl»

Publisert 23. juni 2000 under Nyhende

I samband hurtigruta ”Harald Jarl” sin 40 års jubileumstur tok Atløy avskil på Vågen i Bergen saman med Granvin, Statraad Lemkuhl og ein heil armada småbåtar torsdag i denne veka. Turen skal vare i 11 dagar, slik at heile kysten nordover får bli med på feiringa.

harald-jarl

Skipet er spesielt fordi det har avlagt ein imponerande distanse langs norskekysten fram og tilbake mellom Bergen og Kirkenes. Kapteinen har rekna ut at «Harald Jarl» har gått 2.728.000 nautiske mil på desse åra. Det vil seie 126,5 ganger kring jordkloten ved ekvator. Men ikkje nok med det. «Harald Jarl» går også med den opprinnelege maskinen. Det er ein B&W på vel 4000 hestekrefter som blei bygd på lisens hos Aker i Oslo i 1959. Maskinen går enno som ei klokke. Den har til no gått 258.000 timar, og maskinistane om bord meiner den kan gå i 40 år til dersom den blir pleia som i dag.