Atløy i 50 tallsstil

Publisert 8. januar 2001 under Nyhende

Frå Firdaposten

FLORØ: MS «Atløy» kjem heim frå opprusting i Norheimsund i slutten av månaden med ny salong – slik den var på 50-talet.
I november gjorde årsmøtet i AL Atløy, eigarane av veteranbåten, vedtak om at 70-talsstilen skulle ut og 50-talsstilen inn på MS «Atløy». Det har no resultert i at båten kjem heim att med panelt skuteside i 2.-klassesalongen framme i staden for respatex.

Det einaste som ennå er att av nyare dato i denne salongen er benkene. Dei er skaitrekte.
– Vi må nok køyre komande sesong med skaibenker framme, men til sesongen 2002 vonar vi å ha fått inn skikkelege benker slik dei var på byrjinga av 50-talet, seier Sander Ødelien i Atløys Venner til Firdaposten.

Venneforeininga har no søkt Riksantikvaren om pengar til å bygge nye benker. Dei vil kanskje komme til å koste opp mot 200.000 kroner, og er trekte med oksehud. Under huda vil det vere skikkelege fjører, alfagras og strie, slik som vanleg var om bord for snart 50 år sidan.

– Dersom vi skulle ha køyrt vidare med 70-talsstilen, måtte vi ha gjort store endringar på heile båten. Mellom anna måtte vi ha kutta skorsteinen slik at dei blei lågare, og vi måtte ha kledd inne hekken av båten. Det ville ikkje ha tatt seg ut, meiner Ødelien.

Firdaposten  08.01.2001