Atløydansen

Publisert 25. oktober 2000 under Nyhende

Atløys Venner skipa 21/10/00 til dans. Her kom ca 250 personar, og stemninga var høg utover kvelden, med mange danseglade og saftige historier. Toppen nådde Fridtjof Urdal kva historier angår. Denne vil verte lagt ut her, men egnar seg ikkje for sarte sjeler. Også då Steinar Bastesen song opp til dans stod stemninga i taket.

I SKINNVEST: Steinar Bastensen syng Rosa på ball saman med Lundes trio. – Dette er som å vere heime, sa kvalfangaren i skinnvest.I SKINNVEST: Steinar Bastensen syng Rosa på ball saman med Lundes trio. – Dette er som å vere heime, sa kvalfangaren i skinnvest.

Alt i alt vart dette eit velluka arrangement, med eit overskot på ca 20.000. Pengane vil bli brukte til å betale regning frå Halleraker. 5.000,- vil verte sett på sparekonto til ein framtidig landbase.