Bastesen til Atløydansen

Publisert 11. oktober 2000 under Nyhende

bastesenVi i Atløys Venner inviterer alle båtglade til ”Atløydans” 21.oktober.00 klokka 20.00 på Flora Samfunnshus. Lundes Trio og ei anna overrasking vil syte for dansemusikken. I tillegg vil Fridtjof Urdal halde maritimt kåseri. Arrangementet vil verte halde saman av Jon Birger Ystebø frå Redningsselskapet.

Seint i kveld vart det også bekrefeta at Steinar Bastesen vil stille opp og fortelje ramsalte historier og synge bl.a. Rosa på ball og Kvalfangarvise. Av andre spesielt inviterte nemner vi Tore Hillersøy, Florø Båtforening, Eikefjord Småbåtlag, Stavang Småbåtlag, Anders Haave, Florø Kystkulturlag, Tom Jacobsen, Batalden Robåtlag, M/K Stabben, Frode Rogne, Malvin Toft, Over Stokkk og Stein, Florø Seilforening, Veikinggeneral Vidar Nupen, Svanhilds Venner, Johannes Kleppevik, Norvald Tveit, HJS og sjølvsagt Atløys Venner.

Vi ventar ein stor maritim kveld, med gode historier, dans og kvalbiff frå Bistro To Kokker.