Dokumentasjonsarbeid i gang

Publisert 4. september 2000 under Nyhende

Som før nemnt er det løyvd 50.000 til dokumentasjon av historia til Atløy frå Riksantikvaren. Riksantikvaren har sett det som eit krav at dette arbeidet er sluttført før vi kan begynne på oppattbygginga av 2de plass salong i forskipet.

Den nye fartøyvernkonsulenten ved Kystmuseet, Trond Strømgren vil være ansvarlig for dette arbeidet. Han startar no, og vil mellom anna intervjue mange av dei som framleis hugsar korleis Atløy såg ut fram gjennom dei forskjellige epokane. Han vil også besøke dei som eigde båten etter at den vart seld frå FSF. Fortsatt finns mykje materiale, og Trond vil gå gjennom både teikningar og rekningar frå dei forskjellige verft som har hatt Atløy innom framgjennom. Arbeidet vil være sluttført innan november, og rapporten vil verte tilgjengelig på heimesidene våre så snart dei er godkjende av Riksantikvaren