Drivinga i gang

Publisert 2. desember 2009 under Nyhende

Då er drivinga i full gang på Jensaneset. I gangane vert det drive på nytt, men det har også vore nødvendig å skifte innerste og ytterste dekksplank slik at ein fekk renska opp mot keising og ytre drevstopp. Ut frå bilda ser det ut til at det er framme det er verst, men likevel ikkje så gale.

Dekksplank framme i gangen på SB side vert tilpassaDekksplank framme i gangen på SB side vert tilpassa

Bilder frå Jensaneset vert lagt ut kvar dag om lag 1730 for dei som vil følge med.

Det ser ikkje ut til at det vert slippsetting før over jul, då Midthordland framleis ligg på slippen. Der var det desverre mykje arbeid….Leif`en og Ludvig reiser ned kommande måndag.