Dugnad for D/S Stavenes

Publisert 7. april 2009 under Nyhende
Davidar på veg til D/S StavenesDavidar på veg til D/S Stavenes

M/S Atløy var i dag i Kalvåg for å hente 2 4 meters davitar som skal ombord i D/S Stavenes. Davitane er gjevne av Eivind Larsen etter at Lars Olav Rylandsholm hadde «funne» dei. Den eine låg som kant på plenen heime hos Larsen, den andre ved ei sjøbu.

Truleg har davitane høyrd til på M/S Porsholm, ein snurpar på omlag 86 fot som i si tid (frå 50 talet) var flaggskipet i Kalvåg. Ho lasta 14-1500 hl sild, og var ei tid einaste snurparen i Kalvåg. Utanom sesongen var ho i fraktefart, og minner mykje om M/S Haganes som no ligg til sals i Malaysia!! Frå 57 gjekk ho på lina ved Island.

I 1959 vart båten seld til Dingja og gjkk inn i banklinefisket på heilårsbasis.I -69 vart ho ombygd til ringnotfisket, sjølv om ho då vart liten. På resten gjekk ho som sandlektar i Ostrafjorden, men fekk berre ombord ei sandlast før ho gjekk ned. 

Sjølv om båten gjekk ned i ein stille Osterfjord får davidane no altså nytt liv ombord på D/S Stavenes! Når M/S Atløy skal på vårslipping i Dåfjorden tar vi derfor med dei to davidane ned. P.t. ligg dei surra på dekk.