Eigen bar på Sildebordet

Publisert 19. juni 2000 under Nyhende

Atløy har stadig behov for pengar, og for å få inn meir til landbase fekk vi ide om å starte opp uteservering under sildebordet. Atle Hollevik var positiv til at vi nytta tomta hans, og kommunen gav skjenkeløyve.

atloy-baren

Mange gode krefter har trådd til for at vi skulle kunne realisere ”flåten” utan store kostnader. YFK og Vestnes Produkt stilte med lastebil, Vegvesenet med mobile toalett, Norwegian Marine med kjølecontainer, Sigurd Solberg med elektrisk materiell og Fjordbase med material til gjerde. Ei god veke gjekk med til dugnadsarbeid.

 stemningsrapport-300dpi

Dessverre vart dette ingen suksess. Været var ikkje på vår side, med svært kald nordavind under sildebordet. Laurdag var vi også open, men det spørs om ikkje området såg for ruskete ut. I tillegg låg vi bak hovudscena, noko som ikkje var planlagt. Vi har lært mykje, og håpar at vi får det betre til til neste år, dersom vi bestemmer oss for å prøve igjen.

Resultatet vart skarve 6.000,- som no står på sparekonto til landbase.