Endeleg sertifikat!

Publisert 5. mai 2000 under Nyhende

Etter det som har fortona seg som 13 endelause månadar utan sertifikat, er no sertifikatet endeleg på plass. Dessverre var vi nøydde til å kansellere første tur, men 1 time før tur til Svanøy med Staro Products var sertifikatet på plass.

Dette har vært ein lang marsj i motbakke, men vi har og sett ein massiv støtte, både frå einskildpersonar, bedrifter og det offentlege. Denne støtta har styrka trua på at vi er på rett veg. Ansvarlig for sjølve sertifiseringa har vært Idar Nordstrand og Rolf Grønnevik. Dei har tålt mange frustrasjonar dei siste dagane, men no er endeleg allt på plass.

Gratulerer til oss sjølve !!!!