Fjordaferd til Nordfjord

Publisert 20. februar 2002 under Nyhende

Etter haustens suksess med Fjordaferd i Sogn, har det kome ynskje frå Nordfjord om same opplegg. For Kystmuseet vart dette ein stor suksess, med 2.800 besøkande. Også på denne turen stiller M/S Atløy opp. Om ein ikkje tener allverdens med penger, er det garantert god reklame for både båt og Kystkultur. Delar av turen skjer i samarbeid med 4H og skulane, og får vi like god respons som i Sogn vert dette strålande.

holvikjekta

Avgang vil bli 17/4, og vi er tilbake tysdag 23/4. På turen innover Nordfjord vil ein gjere stopp på stadane Kalvåg, Rugsund, Bryggja, Davik, Ålfoten, Sandane, Hennebygda, Utvik, Innvik, Loen, Faleide, Dokset, Blakset, Hopland, Stårheim, Eid, Måløy, Selje, Barmen, Husevågøy og Svelgen. Også denne gongen vil ein ha med lokale varer, og bruke dette som bytemiddel inne i fjorden.

kakenesfyr

Har du lyst å være med, er vi svært glade for hjelp. Ta kontakt med Sander på 900 51 867  så vil kontakt med prosjektet verte formidla.