Fjordaferda 10

Publisert 6. september 2010 under Nyhende

Då har det vore stille her ei stund, mest grunna arbeid med den store suksessen vi hadde med Fjordsteam. Aldri har det vore fleire folk i Florø, – dette vart nok høgdepunktet i jubileumsåret for svært mange. Hausten er over oss, og MS Atløy er no i Bergen for å tene litt penger.

Fjordaferda startar forsiktig opp med lasting av fisk (tørka sild, lettsalta brosme, klippfisk og spekesild) i Måløy og Kalvåg i slutten av neste veke, for deretter å gå innover Sognefjorden for stopp og marknad i Solvorn 18-19 september. I Solvorn skal vi også laste epler. Søndagen kan ein være med på tur. 20de vert det lasting av poteter og grønnsaker (i alle fall gulrot og kanskje nepe om vi  får rett kvalitet) i Lærdal.

fjordaferda1

Potetene kjem som tidlegare frå Eltun i Lærdal, og er Kerrs Pink av beste kvalitet i følge våre faste kundar. Potetene tåler lagring, vert seld i 25 kgs sekker. 

Ønskjer du å bestille fisk, potet eller grønsaker for levering på ruta kan du kontakte Leif Kvalvik på telefon 412 52 909. Ruta finn du her.. Vær obs på at den kan endrast undervegs om alt ikkje går etter planen.

Du kan også være med på delar av ruta om du vil det. Ruta her; reiserute-sogn-2010