Framme !

Publisert 23. oktober 2010 under Nyhende

Etter avgang frå Florø onsdag og eit par dagar i Bergen er «Leif og kompisane» no på det næraste framme. Etter ein tur innom Rubbestadneset for å hente nye sjaklar til ankeret var det ankomst Jensaneset i går klokka 1600. Helga vert brukt der før dei stemner mot Dåfjorden på mandags morgon.

Ombord er Ludvig G, Leif og Idar. Då eg ringde nett no var det middagskvild. Det hadde iflg Leif ikkje vore problem med å finne vegen for dei to røynde skipprane, noko som kanskje ikkje er ei stor overraksing. Nok mat har dei, varmt og godt er det ombord og ingen snø er det.

Om nokon har lyst på ei arbeidsøkt i neste veke skal dei ta kontakt med Leif på 412 52 909. Vi betaler reisa etter avtale.

Litt retting på vinterkalesjaLitt retting på vinterkalesja, foto Gerhard Bakke Frå Jensaneset, foto Gerhard BakkeFrå Jensaneset, foto Gerhard Bakke