FSF – flagget

Publisert 25. november 2009 under Nyhende

flagget2Styret i Fjord1 har bestemt seg for å pensjonere det gamle FSF flagget for godt, og debatten rasar sjølvsagt både i lokalavisene og på nett.

Flagget er like gamalt som reiarlaget (frå 1858 Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylksesbaatane i Sogn og Fjordane og no Fjord1 Fylkesbaatane) og er det eldste flagget brukt av eit reiarlag i Noreg. No er det altså på det næraste slutt!

Synet er sjølvsagt delt på om dette er god merkevarebygging eller ikkje, og vi vel ikkje å ta del i denne debatten. M/S «Atløy» vil sjølvsagt fortsette å bruke flagget og to andre  verneverdige farty vil også bruke det i framtida: D/S «Stavenes» frå 1904 og M/S «Svanøy» frå 1925. Dei som framleis ønsker å sjå FSF-flagget i bruk på sjøen, bør derfor støtte opp om desse fartya. Aksjonen på facebook vil i alle høve la overskotet frå sal av T-skjoreter gå til fartøya, noko vi sjølvsagt er glade for!