Gåve frå Sparebanken

Publisert 26. mars 2000 under Nyhende

Atløys Venner fekk måndag overrekt ein sjekk på 25.000 frå Sparebanken Sogn & Fjordane. Dette er den største enkeltgåva banken har gitt under ein einskild post. Også Vågsberget har fått ei like stor gåve, noko som syner at Sparebanken Sogn og Fjordane også satsar på kysten. Pengane skal brukast til ein eventuell landbase for Atløy, og er sett på sparekonto inntil vi finn eit prosjekt som vi kan gå for.

  
Sparebanken Sogn og Fjordane var også blant dei som stilte opp då Atløy vart kjøpt tilbake til fylket, og er såleis ein av adelshavarane i båten. Det er ikkje berre flott at vi får ei slik gåve økonomisk, det er også ein stor inspirasjon og annenkjenning av det arbeidet vi utføre.