Gladmelding frå Gjensidige

Publisert 31. august 2009 under Nyhende

rolf1For 2,5 år sidan hadde M/S Atløy eit uhell som medførte verkstadopphald og store kostnader med propell og aksling. Desverre vart ikkje dette dokumentert godt, og oppfølginga frå vår side andsynes forsikringsselskapet  kunne vært bedre. Saka har vore ein gjengangar, og i mars tok Rolf Grønnevik over saka og fekk fortgang i dokumentasjon og kontakt med selskapet for å få avslutta deira handsaming.

Det var derfor stor glede når Rolf i dag kunne melde nytt frå Gjensidige. Selskapet har vore smidig, og festa lit til vår dokumentasjon, sjølv om den etter lang tid var noko mangelfull. I dag vart det overført 247.000,- kroner til A/L sin konto, og vi er utover betalte kostnader også godtgjort for dugnadsarbeide relatert til skaden.

Gratulerer Rolf med vel utført arbeid!