Kjempesesong

Publisert 10. oktober 2000 under Nyhende

Rekneskapen for årets er i ferd med å ta form, og vi har køyrt inn ca 300.000,- I tillegg til dette kjem 150.000,- frå Kulturby Bergen i samband med køyring på forskjellige arrangement. Dette vert såleis den beste sesongen på lange tider. 

Totalt er det lagt ned bortimot 7.000 timar dugnad så langt, og noko meir vil det bli sjølv om skuta no vil være på Bømlo og i Hardanger fram til midten av desember. 

Sjølv om sesongen har vore svært bra, har vi hatt store utgifter, bl.a. med skifting av hjelpemotor og generator. Det er også montert ny autopilot. Verkstadopphaldet no vert også dyrare enn berekna, slik at vi no er rimelig skrapa i kassa. Mest sannsynleg må vi ta eit lite lån for å komme oss gjennom vinteren, men vi arbeider med diverse inntektsbringande arbeid for å få det heile i hamn.