Godt nytt år !

Publisert 30. desember 2009 under Nyhende

Då er tida inne for å ønske alle venner godt nytt år! Atløy er enno på Jensaneset, og arbeidet med driving i gangane vert avslutta i dag, dagen før nyttårsaftan.

veggmannDet er skifta 3-4 plankar/drevstopp inn mot dekkshuset/salongen. Det vart også naudsynt å skifte omlag 3-4 meter  stål i rennesteinen på SB side i gangen under trappa. På bildet ser vi malane som vart laga. Strekkplatene under vart også skifta.

Over helga skal det drivast rundt lukekarmen og litt på båtdekket.

Ludvig reiser ned litt ut i neste veke, og Leifen reiser ned noko seinare for å arnbeide med røra til styremaskina som snart treng stell.

Det vert ikke plass til oss i Dåfjorden før til hausten, då arbeidet med Midthordland vart mykje meir omfattande enn ein hadde venta. Atløy kjem derfor «heim» i slutten av januar. Første tur er allereie 15. april!

Bilder frå Jelsaneset finn ein her. Ludvigen klarde forresten å få 30 liter terpentin inn i taukrakken over styremaskina på båtdekk. Den er av teak…..

taukrakk1