Heime igjen!

Publisert 2. oktober 2009 under Nyhende

Då var Atløy heime på Kolakaia att etter minnerike dagar i Sogn. Besøket var bra, og sponsor Sogn Avis kunne melde at det under besøket i Feios var eit «frådande marknadsliv» med over 200 besøkande. Ikkje dårlig.

Poter frå LærdalPoter frå Lærdal

Vi har framleis nokre sekker poteter, gode gravensteinsepler frå Lærdal, klippfisk frå Måløy, lettsalta brosmefillet og spekesild frå Kalvåg igjen.

Om nokon vil kjøpe bør dei ta ein tur nedom på Atløy på formiddagen. Då er det stort sett folk ombord heile veka. Ein kaffikopp kan det vel også bli ei råd med!

Gode prisar og førsteklasses varer.