Kaiplass for M/S Atløy

Publisert 14. mars 2000 under Nyhende

Som dei fleste har fått med seg har det versert ein diskusjon mellom Hamnesjef og Atløys Venner den siste tida. Hamnesjefen kan av forståelige grunnar ikkje gi oss gratis kaiplass, og vi måtte derfor ta saka opp med Hamnestyret. I mellomtida dukka Bjørn Hollevik opp, og tilbydde oss kaifronten til den gamle Sunndalsbua.  

Vi var usikar på om det var nok vatn der, og  Idar Nordstrand og Ludvik Grytten har derfor lodda djupnene i helga. Dette ser  ut til  klaffe bra, og vi tar derfor sikte på å bruke denne kaia i sommar. Leif Stafsnes som eig nabokaia er også innforstått med dette, og har velvillig stilt opp. Vi vil nemlig komme til å skjerme nokre meter av hans kai.  

Hamnestyret er gjort merksam på at vi vil hamne i same uføret neste år, og vi ber derfor om at dei allereie no diskuterer ei varig løysing for Atløy.