Løyving frå Riksantikvaren

Publisert 17. mars 2010 under Nyhende

For året 2010 søkte 128 fartøy om tilsaman 170 millionar kroner frå Riksantikvaren. Dette inkluderer 5 fylkeskommunar i den s.k. SAVOS ordninga. Til fordeling hadde ein 32 millionar, etter fråtrekk for ca 10 mill i SAVOS og førehandsløyvingar. I 2009 var den totale løyvinga 42 millionar, men det kom 10 mill ekstra mot slutten av året gjennom regjeringa sin sysselsettingspapkke. Det er slik ein monaleg nedgang i løyvingane

riksantikvaren_logo1Vi har fått melding om at årets løyving frå Riksantikvaren vert på 300.000,-. Det ser ikkje ut til at det kjem midlar frå fylket, her har truleg det meste av fartøyvernmidlane gått til DS Stavenes. Det vart ingen løyving på nokon av dei andre verna skutene i distriktet, så vi må kunne sei oss godt nøgde på eigne vegne.

Det vert vurdert å bruke ein monaleg sum på å trekke opp salongen framme med skinn, slik det ein gang var. I dag er det orange skai. Vi har bedt om tilbod frå Hardanger Fartøyvernsenter.