Lutefiskkveld 8/12

Publisert 17. november 2000 under Nyhende

Tidlegare har vi hatt julebord kvart år før jul. Med prisar som startar på 400,- har vi i år bestemt oss for å endre litt på dette, slik at det i staden vert  Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren”. Blotet finn stad 8de desember klokka 1900.

Lutefiskelskere - elsk i kveldLutefiskelskere - elsk i kveld

For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med. Bindande påmelding på 900 51 867 eller på leiar@atloy.no seinast innan 30.11.00.

Vi håpar så mange som råd, både aktive og ikkje finn vegen til Kinnhuset denne kvelden.