Medlemmsinfo 02/00

Publisert 15. februar 2000 under Nyhende

Lite medlemsoppdatering
Beklager, det har no gått 5 mnd sidan siste info. Ein del skyldast mangel på pengar, ein del skyldast manglande system. Vi kjem no sterkt tilbake. 1999 kunne blitt slutten for den gode gjengen vi har på grunn av mykje unødvendig motbør. 

1999 sesongen spolert.
Året starta bra, vi henta båten i Norheimsund etter at fordekket var skifta. Vi starta straks på klargjering til sesongen. Skipskontrollen hadde gitt klarsignal på at vi kunne gå utan salongen på 2.de klasse framme ferdig. På slipp i Måløy kom den store bomba ; I form av ein faks fekk vi beskjed om at båten ikkje ville bli sertifisert før alt stål som var redusert med meir enn 20% var skifta. Dette skjedde før ein einaste inspektør hadde vist seg om bord. Vantru tok vi kontakt med Skipskontrollen, og fekk avgjerda bekrefta. Vi prøvde og å finne ut kva kravet var, utan at dei same kunne hjelpe oss med det. Etter samtalar med Veritas fann vi rett platetjukne, og starta målingar med ultralyd. Av 1.200 målingar synte det seg at berre 2 punkt var under kravet. Konfrontert med dette svarte Skipskontrollen at desse punkta måtte utbetrast, og at dei i allfall ikkje kunne sertifisere før etter 6 veker p.g.a. ferie (!!). Vi såg slaget som tapt, og bestemte oss for ikkje å ta opp ein nyttelaus kamp. Don Quijote slost mot vindmøller, – det hadde vi ikkje tid til.

Forskot frå Kulturby Bergen.
Eit raskt overslag tilsa at vi trengde ca 120.000 for desse utbetringane. I tillegg ville vi utbetre eindel spant som vi såg var klar for det. Via ein avtale om deltaking for Sogn og Fjordane Fylke v/Kulturetaten under Kulturby Bergen mottok vi forhandsbetaling på min 150.000,- og kunne såleis sette i gang. Arbeidet vart utført i Dåfjorden, og er så langt godkjent av Skipskontrollen i Haugesund. Etter dette gjekk båten til Norheimsund og Hardanger Fartøyvernsenter for ferdigsilling av Båtsmanns- og Skipperlugar. Messa vart også delt, slik at det gamle billettkontoret og postkontoret no er slik det var då Atløy gjekk ut av drift. Det er ei glede å sjå dei nye lugarane, og HFS har gjort ein bra jobb. Dette arbeidet skjedde med støtte frå Riksantikvaren. P.t. har vi fått signal om at Riksantikvaren også vil yte midlar til oppattbygging av 2. klasse salong forut dersom vi kan komme opp med ein tilfredsstillande dokumentasjon.

Eiga heimeside.
Nytt av året er at vi snart vil være tilgjengelig med eiga heimeside. Dette vil lette informasjonen mykje. Sjekk  opp www.atløy.no om nokre veker. Her vil mykje informasjon bli lagt ut. Salet for sesongen ser svært bra ut, og vi har pr dato solgt turar for ca 250.000,- så dette lovar bra. Med Atløy lotteri (73.000) og Framdans (45.000) har vi også greidd oss økonomisk fram til no. Ny turbo og ny ankerkjetting er kjøpt inn, men det finnast fortsatt litt på konto

Dugnad kvar måndag
Atløy ligg no på Kleven for klargjering og grunning av salongen framme. Til hausten vil denne bli oppattbygd. Det er arbeid om bord kvar måndag frå ca 1800, så har du lyst må du gjerne ta ein tur om bord, -om ikkje anna så for ein kopp kaffi.

Årsmøte
Hugs også Årsmøtet 29/02/00 klokka 1800 på Kakebua. Her kan du mellom anna være med å bestemme medlemssturar for sesongen. Vær også bra å betal medlemsavgift, slik at vi kan fortsette å sende ut medlemsinfo.