Medlemmsinfo 02/99

Publisert 2. februar 1999 under Nyhende

Framdekket er no ferdig lagt, og vi har akkurat fått melding om at Riksantikvaren forskoterer midlar til å starte på lugarane på øvste dekk og postlugaren. Då denne beskjeden kom svært seint, vil Fartøyvernsenteret berre kunne arbeide inntil slutten av månaden med lugarane. Dette vil allike vel være tid nok til å få ei oversikt over evt skadar, slik at vi kan fortsette arbeidet her. Det er i alle høve eitt godt signal for neste vinter; arbeidet i regi av Fartøyvernsenteret vil halde fram. 1. mars står framleis fast som siste retur til Florø, og vi må belage oss på mykje arbeid etter ”heimkomsten”. Resten av 2. klasse skal rivast, og vi veit allereie at vi må skifte eit par spant, sjekke tanktoppar og kofferdam (?). Dobling av ei plate i baugen må og sjekkast, og Skipskontrollen vil kontrollere tjukna på skroget. Alt dette må vonleg gjerast å slipp av fagfolk. Vi vil også prøve å få med oss ein ingeniør frå Bredalsholmen, som vil ha svært god kunnskap om stål og skrogarbeid på klinka båtar. Ein midertidig plan går derfor ut på å gjere alt klart for slipp før påske, for å gå på slipp rett etter påske. Oppstart for sesongen vil bli 15de mai, men vi har allereie ein tur siste helg i april dersom vi blir ferdig.

Ein modell for sponsing av Atløy er no klar, og prosjektet for ”Atløyfondet” er ferdig utarbeida slik at salet av prosjektet kan ta til. Prosjektet er godkjent av styra i både Atløys Venner og Andelslaget Atløy, og ser ut omlag som presentert i siste brev. Siste frist for på teikning er sett til 31 mai, og minstebeløp er sett til 5.000,- pr år i fem år. Det har allereie meldt seg interesserte, så dette ser svært lovande ut. Dersom det er medlemmer som har gode forslag til sponsorar, og kan jobbe litt med dette, er eg glad for ein lyd på mob 900 51 867. Svein Lin Hansen har også eit interessant prosjekt på gang som kan kaste pengar av seg, men han treng hjelp. Nøl ikkje med å ta kontakt dersom du føler at du kan yte ein skjerv.

På styremøte i Atløys Venner vart også dato for Årsmøte sett til 4 mars klokka 18.00. Fullstendig innkalling vil komme i Firdaposten ca 14 dagar før møtet. Styremøtet i Andeslaget vedtok å låne 50.000,- frå Fylkeskulturkontoret, som styret sjølve kausjonerer for. Desse pengane var nødvendig for å hente Atløy ut frå verftet, og Fylkeskulturkontoret har velvillig stilt opp med rentefritt lån.

Når det gjeld landbase kan det sjå ut som om vi kan være med på eit prosjekt ved flyplassen. Ein gammal hall på ca 600 kvm skal rivast, og kan overtakast vederlagsfritt. Hallen treng ein del stell, ei platting må støypast og det må trekkast fram strøm. Vi håper å få dette til på dugnad, men må allikevel  regne med ei utgift. I hallen kan vi vonleg få til ein verkstad, og kanskje også eit avgrensa lager.