Medlemmsinfo 07/99

Publisert 2. juli 1999 under Nyhende

Sesongen er no halvveis over, og vi går inn i den stille å perioden med ferieavvikling. Etter ein del misnøye ombord er avtalen med Vestkysten no på det nærmaste reforhandla, slik at Vestkysten framover vil få ein kommisjon på 500,- pr tur, i staden for 400,- pr gangtime som dei har hatt til no. Dette vil naturlig nok føre til auka inntekter for båten. 

Andelslaget Atløy som eig båten hadde Årsmøte tysdag 30.06. Rekneskap, budsjett og årsmelding vart godkjent, og Vestkysten-avtalen vart diskutert. Rekneskapen gjekk i fjor ut med eit overskot på ca 50.000,-, noko som er ca 15.000 betre enn fjordåret. I tillegg var det semje om at styret må diskutere seg gjennom prispolitikk for neste år. Det vart frå Årsmøtet ytra ønske om lågare prisar, slik at også lag, foreiningar og skular kan nytte båten i større grad. Dette både fordi vi i dag ligg høgt i pris, konkurransen er auka, men ikkje minst fordi vi har eit ansvar for å formidle båten som eit levande kulturminne, ikkje minst til ungdom.  Ved ein event. auka aktivitet vil det verte ei utfordring å finne nok frivillig mannskap.

Vi skal som kjent flytte ut frå lageret i kanalen, som no vert disponert av Kystmuseet. I framtida vil vi måtte gå for ei delt løysing, der vi leiger eit lokale ved Solheim Diesel til lager og på sikt kanskje også verkstad. I tillegg har Kystmuseet inngått avtale med Global Florø om 5 års lån av notahenga i Ausa. Her kan vi låne plass, mot at vi hjelper til med flyttinga. Planen er at vi skal rydde og flytte kanalen 6. juli klokka 1700, deretter skal Kystmuseet rydde sitt. Søndag 12. juli vert det rydding av henga, og vi ber så mange som mulig stille denne søndagen. Vi har fått låne oppdretts båt av Gudmund Strømsnes, og 2 truckar av Global Florø. Vi vil såleis vonleg få gjort mykje denne dagen, men vi er avhengige av at det stiller nok folk, slik at båten kan gå i skyttel heile dagen. Still derfor opp på Kinn Salmon (gamle Skaarfish) si kai søndag klokka 0900 for transport over til henga. Arbeidet med Hellesen bua går tregt, og vi ventar på kommunen i spenning.

Fellesturen til Bulandet vart ein suksess, og folk hadde ein kjempetur. Med dette friskt i minne vert det derfor satt opp ny ”Suletur” nest siste helga i august. Programmet er ikkje fastsett enno, men for spørsmål kan ein kontakte Vigleik Farø, som er turansvarleg. Laurdag vil det verte dans og moro i Hardbakke, søndag tur i Ytre Sula og evt Utvær. Vi minner og om Jacob Sandefestivalen 7de til 9de august. Program og påmelding ombord (i permen).