Medlemmsinfo 08/99

Publisert 2. august 1999 under Nyhende

1999 sesongen spolert.
Mykje har skjedd sidan siste info. Det er berre å beklage at det har vore eitt opphold på eit par månader, men eg lover å komme sterkt tilbake.  Som dei fleste vil være klar over vart passasjersertifikatet tatt frå oss medan vi stod på slipp i Måløy. Dette har gjort at vi denne sesongen ikkje har hatt køyring, og vi kan dermed bokføre tapte inntekter på 250.000,-. Aktiviteten er ikkje stilna med det, men er kanskje meir vridd over på å finne alternative kjelder til å finansiere vedlikehaldet.

Grunnen til at sertifikatet vart inndrege er iflg Skipskontrollen i Florø v/avdelingsleiar Ulvøen at platetjukna er for tynn. Kravet er derfor at alt stål som er redusert med meir enn 20% skal skiftast før sertifikatet vert fornya. Dette vart gjort utan at Skipskontrollen sette sin fot verken ombord eller på slippen. Vi har etter dette vært på ny slipping og gjort ca 1.200 målingar med ultralydutstyr velvillig lånt ut frå Kværner i Florø. Av desse 1.200 målingane var det 2 –to- som låg under kravet. Vidare har vi hatt sakkunnige skipsingeniørar om bord, samt styret i Noregs Fartøyvern Foreining. Dei stiller seg alle noko undrande til Skipskontrollen sin oppførsel, særleg då dei ikkje har vært om bord.

Skuffa over skipskontrollen
Dette var fakta. Eg vil gjerne for eiga rekning få legge til at eg er svært skuffa over Skipskontrollen si handtering av saka. Det kan verke som om ein har bestemt seg for at Atløy skal bli liggjande ved kai, uvisst av kva grunn. Når dei vart konfrontert med resultata frå prøvemålinga fekk vi beskjed tilbake om at spanta sikkert var i dårleg forfatning.  Dessutan kunne dei ikkje komme ombord på dei neste 5 vekene p.g.a. ferie (dette var i slutten av juni). Alt dette skjedde naturleg nok munnleg. Eg vil også tru at ein statleg etat også må forholde seg til forvaltningslova. Eg kan ikkje sjå at det er anna enn tenesteforsømming frå etaten si side å ta frå oss inntektsgrunnlaget utan ein gong å utføre den kontrollen dei er pliktige til. Eg skulle også gjerne sett dei gjere det same mot eit reiarlag med andre ressursar enn oss. Vi kan ikkje betale for dyre advokatar for å greie ut, sjølv om eg er sikker på at Skipskontrollen hadde tapt ei evt sak. Norsk Foreining for Fartøyvern ser no på saka, og prøver å få til eit nasjonalt kontrollorgan for verneverdige skip, slik at ein slepp slik tilfeldig behandling i framtida. Eit anna mål er at alle skip får lik behandling. Dersom ein tar seg ein tur langs Aker Brygge ein sommardag er det ikkje vanskeleg å sjå at praksisen ikkje er den same i Oslo som i Sunnfjord. Eg understrekar at dette er for eiga rekning, då verken Andeslaget eller Atløys Venner ønskjer å føre denne saka vidare.

Salong og innreiing i forskipet demontert
For å komme til for inspeksjon vart salong og innreiing i forskipet demontert. Vi har allereie løyving frå Riksantikvaren til å bygge opp at salongen, men ynskjer ikkje  å gjere dette før skroget er tipp topp. Sjølv om berre to punkt låg under kravet, er det likevel turvande å skifte nokre plater og eit par spant på mellomlang sikt. Vi arbeider derfor no med å skaffe midlar til slik reparasjon, slik at vi kan få utbetra dette på verft allereie i haust. Etter dette vonar vi å kunne gå rett til Hardanger Fartøyvernsenter for å bygge opp at salongen. Alt skulle dermed tyde på at vi vil være i trafikk igjen til 1. mai år 2000.  Vi vil finansiere dette slik;

Atløy representant for Sogn og Fjordane
Vi arbeider saman med Fylkeskultursjefen for å få til eit opplegg til 2000 jubileet som representant for Sogn og Fjordane Fylke. Søknad på prosjektmidlar er sendt, og vil truleg gi inntil 200.000,- Vi kjenner enno ikkje utfallet, men ting tyder på ei positiv handsaming.

Arbeidet med å skaffe pengar
Ragnar Kristiansen har gitt ein modell av Atløy til Atløys Venner. Denne vert brukt som hovudgevinst i eit lotteri som no er i gang. Dersom vi gjer ein god jobb her vil lotteriet gi 100.000,- Loddsalet er akkurat starta, men det er allereie seld lodd for over 10.000,- Ønskjer du ein sjanse til å vinne den fine modellen tar du kontakt med Astrid Alsaker som er lotteri-ansvarlig, på telefon 577 42 183.

Vi går ut til einskildbedrifter og ber om sponsorstøtte. Her har særleg Leif Kvalvik utmerka seg, og så langt fått inn over 35.000,-

Med denne infoen ligg giro på årets medlemsavgift i Atløys Venner. Forutan å støtte arbeidet vil du gjennom medlemskap få oppdatert informasjon om det vi held på med ca 10 gonger i året.

Andelslaget har også sett i gang arbeidet med å selje andelarm til bedrifter og  privatpersonar.  

Dersom vi alle står på skulle det derfor ligge an til nye turar neste år. Mykje skal skje neste år, bl.a. vil det nok bli arrangert medlemstur til veteranbåtreffet ”Nordsteam 2000” i Bergen, og kanskje tur Kysten sitt landsstemne. Begge desse arrangementa vil bli ei oppleving for folk som er opptatt av kystkultur.

Når det gjeld landbase er det kome i gang eit interessant samarbeidsprosjekt, men dette vil eg komme tilbake til i neste info.