Medlemmsinfo 10/00

Publisert 10. oktober 2000 under Nyhende

Sesongen går mot hell.
Vi er no ferdig med sesongen 2000, og kan sjå tilbake på eit fantastisk godt år. Etter mykje arbeid i vårens for å få båten ferdig til sesongen, har vi hatt mykje kjøring. Faktisk har vi ikkje kjørt inn så mykje pengar før (i Atløys Venner si historie). Mykje skuldast at vi tidleg bestemte oss for å køyre 14 dagar i Bergen. Dette planlegg vi også til neste år. Der er marknaden større, og prisane høgare. Vi har også hatt eit godt samarbeid med Kulturby Bergen 2000, som ga 150.000,- i kassen. Høgdepunktet var nok for dei flest Nordsteam, eit stemne som samla mange båtar av Atløy sitt kaliber. Vi vart klappa inn Vågen, og både Bryggesiden, og Nordnes var svart i folk. Nokon og ein kvar greip til tårene då. Etter 3 dagar med kaier svarte av folk og stor festivitas, vart stemne avslutta med middag i Håkonshallen for alle mannskap. Utover vanlige blåturar hadde vi også ei samla oljenæring (frå Florø) om bord nokre dagar under ONS, den store oljemessa i Stavanger. Her hadde Bistro 2 Kokkar ansvaret for maten, Viktoria Hotell drikken, så det skorta ikkje på noko. I september var vi innleidd av Posten for å delta på markeringa av Utær Fyr si 100 års markering. Elles var vi som vanleg på Dalsfjordveka, og hadde med folk frå Florø, Askvoll, Holmedal og Straumsnes.

Atløy på slipp.
Atløy ligg no på Halleraker Mekaniske i Melandsvågen for å skifte ein del stål i forskipet. Jobben har tatt 2,5 uke lengre tid enn planlagt, då vi også tar akseltrekk med det same vi er på land. Dette vert noko dyrare enn planlagt (ca. 120.000,-) mellom anna fordi ein del pakkboksar og rullelager på akslingen må skiftast. Vi reknar likevel med å komme oss over denne ”vesle” kneika. I forhold til i fjor vert det som ei pølse i slaktetida. Etter dette verkstadopphaldet fortseter Atløy til Hardanger Fartøyvernsenter for oppattbygging av 2de plass salong framme. Her har Riksantikvaren løyvd 450.000,-, samt 50.000,- for å dokumentere Atløy si historie teknisk slik at alt vert riktig utført. Dette arbeidet vert gjort av Trond Strømgren, ny fartøyvernkonsulet på Kystmuseet. Utover dette laut vi skifte både hjelpemaskin og generator tidleg i sesongen. Etter god innsats frå Sabben i Bergen og NBN Elektro klarte vi å få denne ferdig montert til ca 75.000,-. Vidare er det montert autopilot til 35.000,-

Nyheitsbrev på E-post?
Nyhende vert no fortløpande lagt inn på heimesidene våre. Desse finn du på www.atloy.no. Vil du ta del i nyheitsbrevet som kjem oftare ut enn dette skrivet, sender du adressa di til . Då vil vi sende nyhenda så fort dei kjem. Vi minner også om Andelslaget Atløy (eigarane av båten) sitt årsmøte 24/10/00 klokka 1800 på Kystmuseet. Vennane sitt Årsmøte vil bli på vårparten.

Atløydansen
Laurdag 21.10 vil det verte stordans i Flora Samfunnshus i regi av Atløys Venner. Her vil bli servert kvalgryte, og Lundes Trio speler opp til dans og Fridtjof Urdal halde kåseri. Kveldens hovudgjest er Steinar Bastesen. Alle båtfolk, og andre som er opptatt av kystkultur er spesielt velkommen denne kvelden, og vi håpar på ein riktig maritim hyggekveld. Det er viktig at de skryter av festen så dyk får med folk.

Medlemsmøte på Firda Billag 17.09.00 kl. 19:00 :
Vi har ein del planlegging å gjære framover, og eg kallar derfor inn til møte: Tysdag 17.09.00 kl: 19:00 på Firda Billag.  På dette møtet må vi nesten seie det er møteplikt, då vi blant anna må planlegge dansen og det vidare arbeidet utover hausten.  Om det er mogeleg skal vi ta eit par turar til Hardanger.  Sjekk derfor på på førehand kva helg som er ledige. Vaktliste på dansen må settast opp.